The Gallerist

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #2855
    Sten Ole
    Participant

    Gallerist

    The Gallerist fortel historia om deg, den ydmyke galleristen som er på jakt etter penger, innflytelse og popularitet. verktøykassen du kan nå måla dine med inneheld å kjøpe kunst frå obskure kunstnarar som du deretter promoterer med nettverket ditt. Med tilstrekkeleg innsats er kunsten til den no anerkjente kunstnaren meir verdt og klar for salg. Du treng berre ein kontrakt frå ein passande kurrator.

    Syklusen fortsetter mens du samtidig holder fundraisers med investorar du har tiltrukke deg og snører inn sosial makt gjennom VIPar. Operasjonen din gjer at du treng fleire assistentar som kan promotere galleriet ditt på den internasjonale arenaen og by på renomerte meisterverk frå utlandet.

    Historia blir fortalt i god Lacerda-ånd med intrikate worker-placement-mekanikkar, bonusar her-der-everywhere, motvillig samarbeid med dine rivalar og gevinst for galleristen som løyser det umulige puslespelet.

    Spelet hugsar eg som eit av dei enkle Lacerda-spela som var heilt greit. Men nyaste gjennomspelinga viste meg at her var det mykje å bite i. Det står seg godt mot både Kanban, Vinhos, On Mars mm. Eg er overbevist om at Lacerda-spela er eit produkt av hemmeligholdte data SETI-prosjektet har samla frå verdsrommet. Menneske kan ikkje designe spel med slik genial galskap.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.