Through the Ages

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2876
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tta

    Hardcore-versjonen av Nations. Alle startar med same utgongspunkt og utviklar seg med kort. Ekspansjonen gav ingen umiddelbar merknad, mykje på grunn av at eg er langt frå toppnivået maskineriet kan nå. Det krev kunnskap om korta før ein kan bruke potensialet. Spelet er hardt og det kjem events ein berre kan håpe ein er i stand til å krype heilskinna frå. Likevel er det gøy sjølv om det kan ta ei stund å gjennomføre.

    Nations kan gje deg ei skrape, men Through the Ages maltrakterer deg før du blir spreidd som gjødsel i ein eller annan «hanging garden».

    #2877
    Sten Ole
    Participant

    Dette spelet minner meg om Foodchain Magnate. Tematikk, bilde og mekanikkar er heilt annleis, men spelet gir samme følelsen. Dette er eit spel som vil deg vondt. Om du gjer ein feil, så får du føle det resten av kvelden. Om du gjer alt rett, får du også oppleve smerten når ein random event tar fra deg alt du har oppnådd. Og dersom spelet ikkje gjer den jobben, så står motspelarane klar til å straffe deg om (eller når) du viser svakhet.

    Eg antar at spelet blir erfart på ein annan måte når ein ikkje speler det frå gjødsel-perspektiv – akkurat som Foodchain Magnate.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.