Trickerion

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • Author
    Posts
  • #2037
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Trickerion

    Action selection med djup mekanikk. Magikertemaet fungerte bra og designen er på linje med dei tyngste worker placement-spela me har. Reglane er heftige men likevel mogleg å handtere (utan å ha prøvd fullversjonen).

    #2040
    Sten Ole
    Participant

    Dette fungerte mykje betre enn eg hadde trudd. Det var uventa mykje press på brettet som heile tida gjorde at du blei skvisa ut av dei perfekte planane dine. Du blei alltid sittande igjen med for få action points, eller banken blei tømt for pengar, eller nokon stjeler dagen for magiforestillingen din eller hindrer deg i det heile tatt å ha ein forestilling. Følelsen av magikerrivaliering er veldig markant.

    Spelet endte med alle på cirka same poengsum og kanskje ein følelse av at me kunne gjort ting betre på det eller det tidspunktet. Dahlgaard ville blitt skuffa. Eg er personleg skuffa over at megafinale-planen min gjekk i vasken fordi eg ikkje fekk tak i pengar og 3 av folkene mine blei totalt uvirksomme i den siste og avgjerande runden. Frustrasjon!

    #2047
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar (småknask)…

    Initiative
    Når du oppdaterer initiative i starten av runden blir spelarar med lik fame satt i omvendt rekkefølge av det det var. (Meinte dette var sant når me spelte, men fant ikkje regelen i farten).

    Manager
    Manager dobler ikkje antal komponenter. Komponentar på manager teller som om dei har ein ekstra.

    Specialists
    På Manager-, Engineer- og assistantbrettene kan du legge nyerverva tricks, komponentar og arbeider. Du treng altså ikkje bruke workshop-action for å benytte deg av egenskapane. Kontra det eg har sagt.

    • This reply was modified 4 years, 8 months ago by Sten Ole.
    #2324
    Sten Ole
    Participant

    Då har også Ola og Sturla vore gjennom Trickerion bootcamp.

    Dark Alley-sida er neste stopp. Profetiar, boosta assignment-kort, lenger spel, individuelle magiker abilities, meir invikla endgame scoring. Kan ein enkel menneskehjerne klare dette? Kven veit.

    #3055
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Då har me hatt ein fire timar lang kveld med fire spelarar og nokre ekspansjonar. Eg fekk litt avsmak av «special powers» ein kunne montere/byte på spelaren sin alt etter poenglevel og steinar. Nokre av desse legg opp til poengsanking på ein måte som er litt utanfor sansane til dei andre spelarane. Dark Alley fungerte fint og eg trur med rett ekspansjonskombo, vil Trickerion glitre av kaninhår og duefjær.

    #3056
    Sten Ole
    Participant

    Fekk testa spelet med det eg har av ekspansjonar. Eg ser at spelet endrer litt karakter med “dahlgaards gifts”. Det blir som eit spel med deck construction der spelaren må bruke tid før spelet til å lage ein strategi. Når spelet kanskje blir spelt 1 eller 2 gonger i året og med opning for uerfarne, så passer det ikkje å frontloade så mykje avgjørelsar før spelet starter. Spelet har i grunnformen nok av det frå før.

    Spelet er gøy og har unike element. Kortbutikken er plagsom men ikkje lett å patche til å bli enklare. Kanskje spelet varer 1 time meir enn kva eit slikt spel bør.

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.