Unfathomable

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3166
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Un

    Battlestar Galactica turns into SS Atlantica

    Første test med fire spelarar tok 2,5 timar speletid. Cthulhu-temaet funkar fint. Ein er på veg til Boston over Atlanteren og Deep Ones med Father Dagon og Mother Hydra gjer sitt for å drepe passasjerar og knuse skipet. Spelarane spring rundt og stressar med å reparere, slåss og jage forvetne passasjerar inn frå dekk.

    Ung

    Spelet har to tracks der eine viser status til neste navigation point, og det andre eit pågåande banishment spell som rensar skipet for Deep Ones (og irriterande passasjerar som spring på dekk).

    Unh

    Sjølvsagt er det Hybrids om bord og jobben er å hive dei i Brig og spa kol i maskinrommet slik at ein kjem seg fram og vinn.

    Uns

    Liknar veldig på BSG, men har sin eigen flavour.

    Unl

    #3170
    Sten Ole
    Participant

    Unge Master-of-arms, sikkerhetsoffiseren på SS Atlantica, Jamie Snell hadde aldri sett for seg korleis vekene til sjøs skulle gå. Uniformen og tjenestevåpen var nok til skape respekt og å kneble det meste av spetakkel ein kunne vente på overfarten.

    Veret blei verre og forferdelege sjøkrek sneik seg opp på dekk. I lynglimta kunne ein også skimte svære monster langt vekke i horisonten. Sjøkreka blei avretta den eine etter den andre. Kapteinen kunne høyrast med roperten der han prøvde å gjete passasjerar tilbake til kabinane sine. Dagane fortsatte slik med stigande intensitet. Hovedoppgåvene blei nedprioritert som førte til rapportar om tjuveri og dårleg stemning på skipet. Kapteinen var også tydeleg i vilråde utan å vite aust frå vest.

    Og draumane blei sjukare og sjukare. Sjødyrene på dekk minna meir og meir om noko kjent – noko frå barndommen. Følelsen blei meir reell etter kvart. Fortrengte minner bobla opp. Tankane gjekk mot medfødte skavanker siden barndommen. Og det blei etter kvart klart at det var feil skapningar som stod foran geværmunningen. Lysten til å returnere til havet, til heimen, blei meir og meir klar. Og skipet – det måtte bli med til sjøbotnen.

    Ein plan demra i tankane. Ein kasse med mat overbord her, ein passasjer med uhell dytta uti sjøen i nattemørket der, nokre bøtter med sjøvatn i kull-lageret. Det begynte å fungere. Paranoiaen på skipet auka. Men mistanken begynte å stige og retta mot han. Han trengte ein syndebukk. Edmund Mallory, ein ekkel mann som var enkel å hate, blei arrestert. Han protesterte, men oppførte seg betre etter eit slag med geværkolben.

    Det tok mindre enn eit døgn før Edmund slapp ut igjen fra kasjotten på kapteinens ordre. Meir ekstreme tiltak måtte til før mannskapet fant ut hemmeligheten. Jamie sneik seg rundt i skyggane av skipet. Det var ingen veg tilbake. Beltetaskene med ammunisjon blei tommare for kvar time etter strategiske skudd mot utvalgte personar som jobba med å holde skipet gåande. Mekanikeren sitt kne. Kapteinen sin arm. Skipet blei paralysert av trusselen for å bli skutt.

    Men det var ikkje nok, tenkte Jamie, heilt til ein underleg skikkelse sprang forbi han. I handa hadde han ei bok som han slapp frå seg. Der stod alle hemmelighetane – sannheten. Jamie stålsatte seg og visste svaret. Alt var lagt til rette for dette øyeblikket. Han sprang rett til kulllageret. Litt papir til å få ting i gang. Og ein gnist. Så var det gjort…

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.