Unsettled

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #3122
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Unsettled

    Samarbeidspel der story har oppgåver spelarane må løyse før dei slit seg ut. Modulkonsept der kvar spel handlar om utforsking av planetar. Story funkar bra. Reglane er ok. Manglar etter mine lyster litt «skill checks» for å gje storyen litt svingningar. Blir meir samarbeid om løysing av puzzles – noko som er greit.

    Kjem sikkert ein liten regel purge.

    #3123
    Sten Ole
    Participant

    Eg treng eit par spelingar for å få eit godt inntrykk av spelet. Produksjonen er god. Reglane var enkle og eintydige, og det er ingenting med dei som skurrer.

    Spelet speler delvis på oppdagelse ved at du ikkje veit kva du prøver å oppnå, kva farer som lurer, utforming av kartet og kva du finn om du “investigater”. Du veit ikkje kva slags breakthroughs du får eller kva slags negative effekter du blir påført.

    Det er også eit puslespel der du må kople saman det du sjølv får til saman med kva andre spelarar kan tilby. Her vil spelestil på spelarane varierere kva slags oppleving spelet har. Nokre vil kanskje pønske ut den mest optimale eller kompliserte løysningen mens andre vil prioritere flyt på turane. Alfa-gaming-problemet var ikkje spesielt utprega i spelet, men kreftene til spelarane var opne nok og problemene enkle nok til at ein må vere klar over at det kan bli eit problem med feil medspelarar.

    Eg syntes at storyen var det som holdt spelet gøy. Spelet lever av flavor-tekstane og dramaet. Mekanikken var funksjonell, men ikkje inspirerande. Du fekk stort sett til det som du ville. Eg synst LUNA-roboten var eit fint bidrag i spelet – ein team-ressurs som alle kunne leke med.

    Eg liker at reglane presiserer at når ein lurer på noko så skal ein berre bli enig om noko fornuftig. Så lenge hovedreglane med fulgt, så er timing-detaljar og interaksjonar som sjelden skjer og andre edge cases ikkje så viktig. Spelet er som sagt mest story-basert. Det blir derfor ikkje noko regel-purring frå mi side. Eg trur me fant ut av det viktigaste. Me skal berre vere påpasselige med å lese det som står på korta i sin heilhet.

    Spørsmål eg lurer på er:
    – Korleis er spelet med anna antal spelarar?
    – Holder spelet magien på planetar du allerede har spelt på?
    – Er spelet “stabilt” (, gjer f eks litt uflaks spelet uspeleleg)?
    – Kva skjer på dei andre planetane?

    Må få prøvd spelet ein gong til om ikkje så lenge…

    #3142
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    To spelingar gjennomført. For min del var første gong prega av litt regellesing undervegs og eg fekk ikkje “nyte” spelet fullt ut, men på andre gongen fløyt det fint. Då merkar eg ein også at folka bak har lukkast med å skape god stemning. Første planet var sump og skog og sopp og gjørme; dette “følte” eg på kroppen i det eg vandra rundt og prøvde å utføre Survival-tasks, som er nøkkelen til siger. Me klarte det på hengjande håret med nesten ikkje liv eller tid igjen, før me fann ut at feiltolking av ressurs/data-området hadde gitt oss for mange ressursar, noko som nok bidro sterkt til at me klarte det. Så…maks uavgjort.

    Andre speling; ny planet, heilt anna kjensle. No var me på ein ørkenplanet og vart ført opp og ned med vinden. Mystiske vesen luskar i bakgrunnen. Ein svunnen sivilisasjon å utforske. Enkle kort, men stor stemning. Denne gongen spelte me alt rett. Og fekk grisebank. Me kom oss såvidt inn på Survival-task 2/3, før stormen saug ut dei siste kreftene våre.

    For å gi oss litt håp, bør me gjere spelet litt enklare neste gong. Dette er det ei elegant løysing på, noko dei også skriv om i reglane. Om ein oppleverer at motbakken er for stor, blir ein samde om kva romskrip ein kræsjlandar med. Det finnes tre ulike skip, alle med kvar sine Actions som gir ein liten fordel, eks. moglegheita til å fjerne Despair eller Endurance.

    Det gir berre litt, men kanskje nok. Og med tre ulike scenario pr. planet og at me har seks planetar, ser eg fram til mykje moro i Unsettled.

    #3776
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Det skulle altså ta to år før eg prøvde Unsettled på ny. Reglane (med hjelp av Sten Ole) kom fort tilbake. Men heldigvis kom også stemninga også. For dette er eit spel meint for å skape stemning. Ein felles kamp mot det som møter oss. Og kva gjorde me idiotar? Gjekk rett laus på ein Nivå 3-planet, som i løpet av kort tid tok knekken på oss. Eller var me idiotar?

    Eg tenkjer at nivå 1-planetar er moglege å klare på første forsøk. Vanskeleg, men mogleg. Det krever nok også at alle kan reglane, låser opp nye abilities, brukar desse lurt osv.

    Nivå 2 tenkjer eg er veldig vanskeleg. At ein må “forstå” kva som skjer før ein har sjans å klare spelet. Men i løpet av to-tre gonger trur eg det skal gå bra; då veit eit meir kva som ventar deg osv.

    Nivå 3, som me spelte no sist, er berre vondskap. Det er håplaust etter ti minutt, og du veit du er fortapt. Men: Om ein spelar det igjen og igjen, vil ein utvikle strategiar som vil gjere det mogleg å klare det. Det kan ta eit par spelekveldar, men mogleg.

    Nivå 4? Brenn i helvete.

    Siste ord: Me spelte altså nivå 3. Forstod ikkje korleis me skulle ha klart det, når me så tapte. Me juksa så litt, og leste litt på strategi. Forstod då korleis me kunne ha gjort det. Og her trur eg nøkkelen ligg litt; det er nok mogleg å finne ut av det, men du må jobbe deg fram mot løysinga. Det blir litt som eit Souls-spel, der døden blir erfaringane du må byggje vidare på neste gong.

    For eg vil ha meir. For sjeldan skapar enkle kort og brikker så mykje stemning.

    #3778
    Sten Ole
    Participant

    Eg har spelt både nivå 1 og nivå 2. Eg opplevde dei som omtrent like vanskelige med stor fleksibilitet om gjennomføringen og mulighet for å vinne på første forsøk.

    Nivå 3 var både brutal og gav lite rom for kreativ sandbox-speling. Du hadde eit stort problem som måtte løysast på nøyaktig ein måte uten sjanse til å innsjå at det ikkje var alternative strategiar før du har trekt ein del anomalies og breakthroughs og ser at det ikkje er hjelp å finne der. Du må altså vite overraskelsane i spelet for å på forhånd forme ein vinnande strategi. Det var litt skuffande.

    Men eg hadde det likevel gøy. Me landa på planeten, rota litt rundt, fant rare ting, spiste litt jord. Og når blodsugarane kom i bråtevis blei me totalt overmanna med medfølgande galskap.

    Historien er like god om me vinner eller taper, men den er best på første forsøket. Eg synst høgtlesingen blir litt utfordrande fordi det er skrive med ein veldig spesiell tone. Kanskje det finnes ein leseapp for spelet. Kvaliteten på det taktiske puslespelet er, mellom dei ulike scenariene, meir variabel. Om du ikkje får spennande breakthroughs og anomalies så føles det meir som eit spel om actionøkonomi – Uwe Rosenberg in space. Eg vil derfor som regel tendere meir mot å prøve nye umulige planetar heller enn å iterere på samme scenariet for å vinne.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.