Virgin Queen

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 15 total)
  • Author
    Posts
  • #2766
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Regelhefte

      Spelerapport

      Vq1

      Spelestart klokka 1845 med 3 spelarar etter «sequence of play» gjennomgang:

      Turn 1

      Ottoman: Rusta opp og dreiv piracy i Barbary Coast mot Spain. Fekk hjelp av France til å gjere Morisco-opprøyr i det sørlege Spania. Klarte ikkje å starte på Suez-kanalen.

      Morisco

      Spain: Rusta opp flåtestyrken og mislukkast i å storme eit Ottomansk fort i nordafrika. Prøvde å ta knekken på Ottomanske piratar, men mislukkast med det også. Sat igjen med mykje skattar frå «The New World».

      England: Rusta opp og klarte ikkje å overta ein key i Frankrike. Koloniserte utan gevinst i denne runden.

      Colonyvq

      France: Koloniserte også utan gevinst, og måtte handtere eit aggresivt England og godta at Hugenottane fekk fotfeste i landet.

      Huge

      Holy Roman: Tusla med sitt og fekk støtta fram den italienske kunstnaren Palladio. Starta også den protestantiske frammarsjen. Skal tru om dei har eit protestantisk mål i framtida?

      Protestants: Jobba hardt med å danne eit leiarskap innad med styrkar. Hugenottane blomstra opp etterkvart i Amboise Frankrike.

      Truloving var i starten av runden sikra for Spain og France, og for Protestants og Holy Roman Empire.

      Vq2

      Giftarmålet mellom Philip II og Elisabeth de Valois vart full klaff og dei kan sjå fram til lukkelege dagar til døden skiljar dei.

      William of Orange vart ikkje fornøyd med Anna of Saxony, og etter mykje krangling og utroskap gjekk dei kvar til sitt.

      Turn 1 slutta klokka 2230 etter å ha pløyd gjennom fleire paragrafar. Turn 2 skal gå raskare.

    #2767
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    (Kanskje dette forum-topic bør mergast med Here I Stand-posten, som har femten innlegg og fleire regelavklaringar).

    #2790
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Me gjorde Piracy feil.

    Target player skal først forsvare seg og fjerne units frå piraten. Deretter skal piraten trille 2 terningar (eller 1 terning om han berre har ein naval unit igjen) pluss 1 terning for kvart Piracy Rating poeng til eventuelle leaders.

    For kvar hit må Targeted Player gje ein gevinst til piraten ?

    #2791
    Sten Ole
    Participant

    Me gjorde piracy akkurat som du skreiv. Det var bare at dei inkompetente spanjolane traff ingenting.

    #2792
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Mogleg eg hugsar feil og blandar med andre naval battles, men eg trudde eg hadde fleire enn ein hit. Eg trakk berre eitt kort ?

    #2793
    Sten Ole
    Participant

    Det kan hende me bomma litt, då. Eg hadde så mykje tårer i augene av all motgangen at eg ikkje følte med.

    #2803
    Sten Ole
    Participant

    Regelstudie…

    Sue for Peace – NOT!
    Here I stand hadde ein “snill” få-tilbake-landområde-mekanikk. Denne finnes ikkje i VQ. Einaste måte å få fred på er å inngå normal fred i diplomatifasen. Det betyr at den militære VP-tilstanden er veldig synleg på brettet.

    Treasure
    Desse speles i tillegg til eit kort brukt til CP. Alle CP-actions du får ekstra må vere forskjellige frå kvarandre og dei som blei brukt på kort.

    Runde 3
    Frå og med runde 3, blir Spania plassert i ein priviligert situasjon (som om den ikkje var priviligert frå starten). Frankrike kan miste kontroll på land til Spania dersom det er for mykje huguenotar i Frankrike. I tillegg kan spania begynne å lage katolske opprør i England for å stjele kontroll.

    Mykje meir knask. Eg skal vere påpasselig med å nevne det om det ser relevant ut på spelekvelden.

    #2804
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Virgin Queen – 4 turn session 19. juli 2020

    Ottoman: Tor Inge

    Spain: Rune

    England: Sturla

    France: Lars

    Holy Roman Empire: Jarle

    Protestants: Sten Ole

    Turn 1:
    Diplomatiet var passivt og Spania som allereie var i krig med Ottoman bestemte seg for å ta tidleg kontroll i Middelhavet før piratane kunne blomstre opp. Kampanjen deira vart svært vellukka takka vere Ottomanske generalar sine dårlege leseferdigheter i eigne statsdokument. Runden gjekk og Spania herja i Nord-Afrika og sikra seg «keys» gjennom militære og diplomatiske operasjonar. Med berre ein «key» igjen før «auto win», gjekk spanjolane til Turn 2 med 9 (!!) kort på hand. Piratane var ikkje å sjå på nokon av verdshava og dei spanske skattane frå den nye verda velta på tonnevis inn i Madrid.

    Vq56

    Turn 2:
    Etter refleksjon over eiga makt og brev frå Paven, lova Spania at ein sjellaus seier gjennom «auto win» så tidleg i spelet kom ikkje på tale. Det var enno milliardar med reglar som skulle på plass. Neste diplomatifase førte til ein hjelpelaus samtale mellom Ottoman og HRE. Ottoman kom tilbake frå diskusjonane meir forvirra enn målbevisst. Han græt stille for seg sjølv med lite kort på hand og flytande vrakrestar frå skipa sine på alle strendene i Middelhavet. Spania støtta HRE med kort mot å få ein hær leigesoldatar som betaling.

    Frankrike og England pusla med sitt og plotta i mørkret for å senke Spania. Protestantismen vaks i Nederland. Ekteskap blomstra og visna, mindre betydelege land skifta allianse mellom stormaktene, og EIN vitskapsmann vart sponsa fram av Spania.

    Turn 3:
    Kaos spreidde seg, Spania fall utanfor all diplomati og vart sitjande åleine ved bordet. Kvifor all denne konspireringa? Hata av Ottoman, mistrudd av Frankrike og krigserklæring frå England førte ingenting godt med seg. Frankrike gjekk til åtak og det spanske imperiet var i fall. HRE posisjonerte seg bra i høve til det svekka Ottomanske riket og la ein listig plan på å få ut alle «keys». Kjedeleg oppførsel og glimrande diplomati resulterte i at dei fekk gjere sitt utan å måtte stresse mot andre. Stress var det derimot hos resten. Mislukka kolonisering i Nord-Amerika, udugelege piratar, spionasje, opprør og religionskrangel herja på brettet. Ottoman kom seg etterkvart på beina igjen, men horoskopet kviskra ei framtid med tunge kampar mot HRE.

    Turn 4:
    Spania fekk nye generalar på brettet og fekk nytt håp om å vekse seg stor igjen. Dei starta ein ny kampanje inn i Frankrike og gjorde det relativt bra. Fekk ut eit par «keys» og såg ei lysare framtid. HRE kom frå aust og fekk til slutt kontroll over ein fransk utpost. Protestantane gjekk rundt på dørene i Vest-Frankrike og fekk til slutt omvendt ei rekkje med byar og hovudstaden Paris som Spania hadde blødd mykje for. Frankrike gjekk under. Ottoman prøvde febrilsk å stoppe framgangen til HRE. Alle såg no at sigeren var innan rekkevidde for Jarle.

    Som fleire gonger tidlegare måtte Jarle igjen grafse til seg ein neve med terningar og score EIN «hit» for å ta sigeren. Nervane var tynnslitte, og terroren frå tidlegare mareritt som dette heimsøkte han der han reiste seg skjelvande for å gjere siste terningkast på enden av det fire meter lange bordet. To «hits» og tolv timar og fire rundar Virgin Queen var over.

    Takk til alle spelarar!

    Vq96

    #2810
    Sten Ole
    Participant

    12 timar seinare var me ferdige. Me klarte å spele det uspelelege spelet Virgin Queen. Eg synes alle burde få innramma diplomar eller russeknutar.

    I stolen til protestant hadde eg god tid til å observere dei ulike faksjonane på brettet. Protestant i seg sjølv er nesten garantert å overta Nederland og vil konstant blomstre opp i Frankrike. Opprørs-kreftene var idiotisk kostnadseffektivt i forhold til tiltak ein må gjere for å forsvare seg.

    Spania begynner sterkt med alt for mange kort og bøttevis med treasure frå koloniane. Dei har stort potensial for å miste inntekta over tid fordi dei har konfliktpunkt inntil alle dei andre på brettet. Likevel held dei på status som supermakt p.g.a. katolske superkrefter som kan knekke både england og frankrike.

    England er ei makt med få utvidelsesmulighetar og må nok ofte inngå snåle alliansar for å nå fram til gode jaktmarker. Wildcardet deira vil vere elisabeth som gir betydelige fordeler til dei som prøver seg på giftarmål. Du er likevel avhengig av at motspelarane ser nytten.

    Frankrike er den evige punching bagen. Dei er nesten heilt avhengig av godt forhold til alle naboane for å ikkje bli rive i fillebitar. Om dei klarer å holde relativt lågt trykk i regionen, kan dei snike seg opp på poengstigen på måtar dei andre ikkje kan.

    HRE dikterer i stor grad dynamikken i vest. Det merkes veldig godt når HRE-mercenaries dukker opp i “feil” land. Sjølv om dei sitt midt på kartet, er dei rimeleg isolerte, fri til å spele sitt eige onde spel mens konfliktane herjer andre stader på brettet.

    Ottoman er kanskje den faksjonen med minst makt over eigen skjebne. Dei er avhengig av vestleg støy for å kunne presse med hærstyrkane og piratflåtane sine utan å ha særleg diplomatisk innflytelse til å indusere støyen dei treng. Men om dei først klarer å bygge eit militært overtak på land og sjø, kan dei ikkje stoppes.

    Team rolig: Frankrike / England
    Team støy: HRE / Ottoman / Protestant
    Team Spania: Spania

    Virgin Queen / Here I Stand bruker begge ein elegant krigsmodell med fornuftig bruk av terningar og taktiske mulighetar som eg synes er genialt i sitt design. Det er ikkje for komplisert, ikkje for tilfeldig, vekter ulike hensyn i ulike situasjoner og gir muligheter sjølv om du på papiret kjem til å tape.

    Kortspelet gir historisk kontekst som svarer til hendelsar og mulighetar frå perioden samtidig som at det får urettferdige ting til å skje, nesten på same skala som “skilled retreat” i TI4. Så stiller kortspelet heile tida spørsmålet “Skal eg gjere eit lite steg i rett retning eller skal eg gjere noko slagkraftig?”

    Spelet kjem også pakka med tilleggshandlingar som ikkje knytter seg til krig. Dette kjem med hundrevis av sider med algoritmar for kva som skjer dersom A og B osv. Det er tusenvis av tabellar med utfall ut frå terningtrill. Det gir mykje regelbloat og er ofte slitsomt å jobbe gjennom. Spelet treng det for å gi faksjonane noko å gjere på utenom å slåss ellers vil strategien i spelet likne det som er av strategi i risk. Men gøymessig betaler spelet ein høg pris for å få det til.

    Så var det diplomatiet. Me fekk ikkje utnytta det så fantastisk denne gongen. Å time krigane og alliansane var viktig, men det var lite koordinasjon. Matchmaking-delen av spelet virka tilfeldig og helst motivert av vilkårlege bonusar.

    Mellom HIS og VQ likar eg HIS betre. VQ er meir ustabilt, har meir bloat, har fleire element der reglane er svakt formulerte og evnen til å påvirke spelet på andre sida av brettet er meir begrensa. Men i positiv retning, gir VQ derimot meir frihet til å gjere kva du vil. Eg trur også at med 3, 4 og 5 spelarar er VQ eit betre spel enn HIS.

    #2812
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Sist gong me spelte (HIS), hadde eg fleire moglegheiter til siger i siste runde før me gav oss (lengre session report i Here I stand-delen). Ein etter ein forsvann options, før me tilslutt var der at Rune måtte få ein 6’ar på terningen, ellers så vann eg. Og så fekk han ein 6’ar, og så gav me oss og gjekk heim (etter elleve timar).

    Som Rune påpeika i sin post ovanfor, var eg i fleire slike terningsituasjonar denne gongen også. Eg kunne avgjort tidlegare, men klarte det heldigvis i siste kast (klokka halv to om natta).

    Det er noko med denne terningtrillinga eg ikkje er så stor fan av. Det at den er så avgjerande. I andre terningspel er det mykje meir av den, for den representerer då gjerne små slag her og der, som du kan pushe veldig i din favør med god planlegging. I VQ føles alt mykje meir avgjerande, for rundande er lengre, du har mindre du kan gjere (me spelte t.d. berre fire rundar på tolv timar), og dermed involvert i færre terningkast, som alle blir heilt avgjerande. Du kan også pushe litt i VQ, men det meste er likevel opp til Lady Luck; sjølv om eg gjer mitt beste og brukar alle mine CP på å booste opp t.d. kjøp av ein Artist/Scientist, er det 50/50 (om ikkje Artisten kjem frå ein seinare runde i spelet og har god rating).

    Eg hugsar lite forskjellar på VQ og HIS, men om det er slik at VQ gir større valfridom enn HIS, vil eg like VQ betre. Dette fordi:

    Under denne spelinga prøvde eg først overtale Ottoman til å gi meg Buda utan kamp, mot at Ottoman fekk mykje bra igjen. Dette fordi eg ville ha Buda same kva, og for å sleppe ein utmattande krig for begge partar der begge måtte låse styrkar i området for å krige, kunne dette heller løysast diplomatisk. Om eg hadde lukkast med å få Buda, var planen min å berre halde meg roleg i bakgrunnen, få tak i Artist og Scientist, og satse på ein Balanced victory imellom katolikkar og proestantar.

    Diplomatiet fungerte ikkje, så då blei det krig. Tok Buda og gjorde eit forsøk på å få ein Artist; trengte 10 på to terningar, såg at dette var ein tung veg, og såg etter andre options.

    Fekk utdelt Irland-kortet, såg at dette var ein options. Brukte ein heil turn (fire kort totalt) til å byggje meg opp diplomatisk til å ta Irland. Når ein runde tek gjerne to timar og eg brukar ca. fire sekund på min tur med ein slik plan, kunne ein kanskje tenkt at dette var veldig kjedeleg. Det var det heldigvis ikkje; dette nok i kombinasjon at det er kjekt å følgje med kva som elles skjer på brettet, samt at det er jo utføringa av ein langsiktig plan som gir frukter (sjølv om eg tapa Irland seinare, tok eg igjen med Papacy).

    Men så såg eg at Frankrike ikkje hadde forsterka forsvaret av eine byen sin og ingen andre gjorde framsteg mot den. Hm. Ok, då vart den målet. Når den så var teken, og Frankrike tømte eine byen sin for ta tilbake Paris, var den brått eit mål. Hm. Så vart byen forsterka av mange leigesoldatar, men eg hadde eit kort som fjerna desse. Hm. Så vart det angrep og heldigvis siger der (sjølvsagt etter terningtrilling).

    Med andre ord; eg laga planar etterkvart som brettet og korta eg fekk gav moglegheiter. Det synes eg var kjekt. Om det er slik at VQ opnar meir opp for dette enn HIS, om HIS er meir “diktert” i kva enkelt kan/må gjere, set eg nok VQ høgast.

    #2813
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg kan forstå at terningsystemet her er litt nervepirrande, men eg vil heller ha det slik enn å sitje i 15 minutt og trille fram og tilbake der eg blir surare for kvart trill.

    I kamp kan du førebu deg ganske mykje med oppbygging, posisjonering og kanskje skaffe deg combat cards gjennom diplomati. Spenninga med berre eitt trill og lykken ved siger og dei latterlege historiane ved tap gjer det gøy.

    Når det gjeld scientists så er dei der for å skaffe deg teknologi og poeng. Støtten til desse kan boostast til +2 med 4 CP. Kunstnarane støttast på same måte, men gjev deg berre VP. Det blir ei investering som gjev utbytte eller ei latterleg historie.

    Som Jarle skriv, og noko av det eg likar best med spelet er at sjølv om turen din er kjapp og runden er lang, brukar du ventetida på dynamisk planleggjing medan du følgjer med på det som skjer på brettet. Reglane er ein barriere, men spelet blomstrar og dei er verdt strevet.

    Om eg likar HIS eller VQ best veit eg ikkje. Eg må teste HIS ein gong til sidan eg stort sett har vandra rundt i regeltåka under speling. Desse tolv timane med VQ var uansett berikande og gøy.

    #2818
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    For å utdjupe litt meir om det med terningbruk (og spelet generelt):

    Reglane presiserer at Auto Win i VQ er uvanleg; vanlegvis vinn ein på VP. Og korleis får ein VP? Delta på polsk valg: Velg eit kort, trill ein terning, høgaste vinn. Bli gift; trill to terningar, trill bra, og få VP. Angrip Keys, trill bra, få VP. Konverter, trill, få VP. Sponsor nokon; trill, få VP. Det er trilling, trilling, trilling. Er du uheldig, står du igjen i driten. Er du heldig, får du mange høge tal og vinn pga. at du er heldig.

    Korleis vinn ein i TI? Du vinn på VP. Og korleis får ein VP? Utvikle rette teknologiar; du har kontroll fram mot målet. Bruke masse Trade Goods på rett tid, som du må ha spart fram mot dette målet. Eller snu ti planetar, som du må ha spart fram til dette tidspunktet. Eller få ut fire Dreadnaugts på brettet. Eller eller.

    Poenget er at vegen fram mot VP i dei to spela er ganske ulik; i TI kan du arbeide deg fram mot eit mål som du kan sikre deg å nå. I VQ må du trille for VP, og då kan du vere heldig eller uheldig. Eg har lyst å vinne fordi eg har vore fylgd ein god strategi; eg har ikkje lyst å tape fordi eg har åtte terningar og får ikkje 5 eller 6 på nokon av dei.

    Eg synes også diplomati fungerer betre i TI; der er det harde forhandlingar og skiftande alliansar ganske ofte. Ang. kortbruk er VQ meir utilgiveleg; ok, ein har “Sabotage” og slike kort i TI, men i VQ har ein kort som tek over heile land (som eks. Skottland-kortet etc); utan førevarsel vert ting dradd bort under føtna dine fordi eit kort vart spelt imot deg (og ikkje nødvendigvis fordi du har spelt dårleg eller motstandaren bra).

    Ok. Eg likar VQ. Men eg deler ikkje panegyrisk beundring; det tek veldig lang tid og har for mange tilfeldighetar i form av kort og terningar. (Og samanlikninga med TI er meir i form av lengde og poengsystem etc.; eg har det ikkje som favorittspel lengre).

    #2820
    Sten Ole
    Participant

    Noko å ha i tankane er at det er ekstremt uvanleg å trille dårleg eller bra heile tida. Av alle dei forsøka du har hatt på å samle VP, vil du mest sannsynleg få ein viss andel av dei. Jo fleire forsøk, jo meir sikkert er det at du får sånn passe napp. Det som heller er eit “problem” enn forventa VP, er at ein ikkje kan stole på suksessen av enkelthandlingar. Det gjer at ein ikkje kan heilt lage ein plan med mange steg utan å ta høyde for at enkeltstega går gale. Personleg har eg ingenting i mot dette sidan du har så lang tid til å tenke ut ein reserveløysning før det er din tur igjen. Det blir som med Gloomhaven når korta du plukka viste seg å ikkje fungere som du hadde tenkt.

    Eg ser likevel forargelsen i den potensielle finalen av spelet. Fordi spelet skjer i eit miljø der spelarar heile tida prøver å dra poengleiaren ned i driten, er ein fornuftig strategi vere å samle “potensielle” poeng som ikkje er synleg for motstandarane (kraftige kort, skjulte faksjonsmekanikkar, taktiske posisjoneringar på kartet osv) som du utløyser når sigeren er i sikte. Og det er då du sitt der med dine 8 terningar og 97% vinner-sannsyn. Og når dette går galt føles kanskje alle dei 12 timane ved bordet bortkasta. På sett og vis skjer det same i f. eks Root der vinnaren er nesten heilt tilfeldig fordi alle drar kvarandre ned i driten. Er det ugreit? Kanskje. Eg trur kanskje uansett at det ikkje er lurt å spele Virgin Queen med innstillinga at det er VM i brettspel. VP gir retning for kva du bør drive med men er ikkje bevis for strategisk overmakt. Ekte konkurransespel er meir egna for solitaire-aktige spel og 2-player spel.

    Diplomatiet kan ikkje vurderes før alle, absolutt alle, ved bordet veit kva dei driv med. Dette var min første gong på dette spelet. Eg visste litt om kva alle kunne få til, men eg visste ikkje kva kort som fantes eller kva slags retning verden har ein tendens å gå i. Då er det umulig å utnytte diplomatiet. Kven skal eg gi mercenaries til? Kven skal eg gifte meg med? Kven skal eg alliere meg med? Kven skal eg angripe? Alt var gjort på instinkt. Eg veit at eigentleg burde diplomatiet vore annleis om me var meir drilla på spelet. Eg treng mercenaries til plan A som eg ikkje har nok CP til. Eg treng alliansepartner til å dekke ryggen min i sone B. Eg har kort C som gagner faksjon D som kan hjelpe meg med tidlegare nevnte ting. Det ligg eit potensiale der som me aldri kunne nå den søndagen.

    Diplomacy er eit eksempel på eit spel der diplomatiet er sylskarpt. Avtalane er mange, konkrete, detaljerte og gjensidig gode. Men om du set nybegynnarar i spelet blir det nesten ingen avtalar og dei er vage og utan tillit til motparten. Resultatet blir at spelet berre skjer. Frontar butter mot kvarandre. Nokon vinn og andre tapar. Alt er tilfeldig. Foreløpig føler eg på litt av denne håplause tilfeldigheten i blant anna GoT og TI. Det er kanskje fordi eg er ein noob. Det er kanskje fordi spelegruppa har vendt seg til at diplomatiet skal vere slik. Kanskje berre skikkeleg diplomati går an når folk får snakke privat. Det er sjelden i klubben eg ser to spelarar vere konkrete i forespørslar eller tilbud når me speler. Kven som sit på sida av kvarandre ser ut til å vege tyngre enn den faktiske tilstanden på brettet ofte, eller kanskje verre, at folk allierer seg med dei same dei alltid allierer seg med. Dette siste var ein digresjon…

    Takk for at du lærte meg eit nytt ord i dag, Jarle: panegyrisk. Målet for august er å bruke det på nokon i ein reell setting.

    #2827
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Enig i alt. Konklusjon: VQ/HIS må spelast meir.

    #2828
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Enig i alt. Konklusjon: VQ/HIS må spelast meir.

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 15 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.