Nok eit spel frå the West Kingdom med lik ikonografi som dei andre. Skriv bøker, bygg bygningar, set folk i arbeid i slottet – alt for å bli den beste viscounten. Rekrutter din eigen kabinettstab med tjenarar av varierande grad av luguberhet. Noko som skiljer dette spelet frå andre west kingdom-spel er primært bruken av deck-building og måten ein rullerer kva tjenarar som er aktive. Beslutningane dine i spelet blir veldig langrekkande og låsande. Spelet belønner dei som klarer å tenke mange turar framover.
Du rir rundt i landet og administrerer handel, reising av bygningar, bokskriving, kven som skal få innpass på slottet og rotar med andre Viscounts (visegreve). Det handlar om å sjonglere tre kort i maskineriet der deckbuilding er aktuelt. Du nyttar landsbyfolk anten dei er yndige eller lugubre. Gjeld og dyd står sentralt, og fungerer som ein timer for spelet. VotWK er mykje spel i liten boks som osar av kvalitet og godt design.