Watergate

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2863
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Watergate

    Eit 45 minuttar langt spel med tautrekking som irriterer akkurat passeleg. Fine komponentar og mekanikk får fram det elles tvilsame temaet på ein god måte. Kortsystem der ein velgjer mellom «talmekanikk» eller «event» i drakampen.

    Som fjerde statsmakt prøver ein å lenke bevis frå to etterforskarar opp mot Nixon.

    Som Nixon prøver ein å blokkere desse lenkene gjennom korrupte handlingar.

    Eit bra kjapt spel/filler for to.

    #2864
    Sten Ole
    Participant

    Ikkje så mykje å tilføre utenom at spelet overraska. Eg forventa eit tyngre, tørt og lengre spel. Men dette var luftig og kjapt. Spelet inneheld mange “take that”-element der ein bruker kort til å knabbe til deg ressursane i spelet, der korta negerer effektane som motstandaren skulle til å gjere; eller der du stjeler initiativet slik at du blokker noko akkurat i tide.

    Frå Nixon sitt perspektiv har du heile tida ulike mål å jobbe deg mot:
    – Skaffe politisk moment så du kan vinne valget og folkeopinionen
    – Ødelegge bevis slik at handlingane ikkje kan koples til deg
    – “Overtale” informantane til å holde kjeft
    – Skaffe initiativ for å gi handlekraft i neste runde

    Reglar…

    Ein liten detalj me feilspelte var når bevisene blir delt ut og plassert etter initiativrekkefølge, skal ein bruke initativrekkefølgen som nettopp blei vunnet. Kven som hadde initiativ før har ikkje noko å seie.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.