Weather Machine

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3709
    Sten Ole
    Participant

    *Portugisisk latter*

    Reglar, reglar, reglar…

    Move scientist
    Når me flytter scientisten kan me velge fritt kor han skal stå. Så me kan velge feltet heilt til høgre viss me vil. NB! gjeld ikkje runde 1.

    Perform action
    Etter å ha flytta scientist, kan du istedenfor å gjere ein action, heller bare seie pass mens du lytter til portugisisk latter.

    Use an investment tile
    Når me bruker den svarte brikken med Excel-diagrammet på, har me to valg. Me kan anten flytte ein goal tile inn i player boardet (og få ein bonus) eller me kan flippe ein goal tile. Den flippa goal tilen MÅ ligge på player boardet.

    Gul subsidy tile
    Dersom me selger ein machine part til “the government” for ein gul subsidy tile, snur me han til blå side når me får han.

    Værmaskinen
    Lativ sine robotar står ikkje i vegen. Me kan legge inn robotane våre og flytte Lativ sine robotar til eit anna felt, eller om nødvendig ut av spel. Robotane hans er derfor bare gode nyheter.

    Citations
    Du kan publisere med to bøker om nokon allerede har publisert samme type bok med 3 tidlegare. Då tek du ei svart bok for å fylle på. Ein tilleggskostnad for å ta ei svart bok er at du må hive ein ubrukt goal tile i samme farge som bokfargen som mangler.

    Research R&D nederste rad
    Om du legger ein robot på nederste rad med research action, får du ein kostnadsfri robot. Til vanleg betyr robotsymbolet at du må betale.

    Breakthrough action
    For å kjøre breakthrough må 2 krav vere oppfylt: A. Du må ha publisha den typen bokserie som du skal kjøre breakthroughen i. B. Du må betale for breakthroughen med machine parts. Det treng ikkje stå robotar i R&D-kolonna du skal ha breakthrough i (men det hjelper). Betaling av machine parts er det som blir beskrevet som “build a prototype”.

    Build a prototype
    Prisen er machine parts på extreme weather tilen + machine parts i heile kolonna under. Om du har ein robot på ein av machine part-plassane, kan du velge å ignorere denne kostnaden. Motstandarar med robotar kan velje å bruke machine parts om du ikkje har diktert at du skal bruke machine parts sjølv. Betaling av machine parts kjem frå ei rad i “workshopen” din. Dersom det er fleire machine parts i raden, blir desse øydelagte. Hugs at du har lov å omstokke posisjonen på robotar og machine parts når som helst for å unngå ein slik situasjon.

    Run weather machine
    Me gjorde dette rett, men ville berre poengtere at om du har fleire robotar i kolonna så får du poengbonusen fleire gongen, men dei andre bonusane ein gong. Boka som me får av å kjøre maskinen går ikkje inn i ventefeltet, men rett inn i ein av dei vanlege bokplassane.

    Tips frå regelheftet
    Publiser fort slik at du kan gjere breakthroughs. Ikkje bruk laben i utakt med Lativ sin assistent. Subsidier med ekstra actions er bra tidlig i spelet. Fokuser på ein eller to vêrtypar i begynnelsen. Hugs Exectutive Exchanges når du vil noko men ikkje har nok vouchers eller feil type ting. Velg dei goal tiles’ane som du vil satse på tidleg i spelet. Fleire botar i same kolonna gir deg ofte meir poeng.

    Weather machine er gøy og er typisk Lacerdiansk med mekanikkar som henger saman frå A til Å og tilbake til A. Spelet handler om værmaskinen til professor Lativ som skulle ordne opp i ekstremvær, men han har den stygge bivirkningen at det skaper ekstremvær andre plassar i verden. Vår rolle er akademiske hjelparar som skal forske på værteknologi, publisere, lage værmaskin-prototyper eller støtte opp om statsfinansierte prototype-prosjekter. Om me er flinke, vinn me nobelprisen.

    Eg trur ikkje eg skal gå stort inn på korleis du speler meir enn at me gjer actions som me må forsikre oss om at me har råd til, så blir det kanskje Lacerdianske konsekvenser. Det er mykje i spelet som oppfordrer oss til å jobbe saman (eller sjå den som starta på noko streve aleine mens alle andre gjer noko anna). Det mest kompliserte som skjer i spelet er nok subsidier som trigger at du får ein ekstra action, men dette er mykje meir avgrensa enn i andre Lacerda-spel.

    #3710
    Sten Ole
    Participant

    Rettelse:
    Robotar som du får utenom supply action koster aldri vouchers.

    (Held meg unna redigeringsfunksjonen på forumet her siden den har ein tendens til å slette posten)

    #3721
    Sten Ole
    Participant

    Ny rettelse:
    Når du bygger prototype, så kan du bruke andre sine robotar som om dei er dine egne, bare at motstanderen får dei 2 poengene. Reglane brukte ein tematisk beskrivelse om at “Robotar gir machine parts”/”motstanderen sine robotar gir machine parts”. Det burde egentlig bare sagt at der det står robotar kan du drite i machine parts. Skjerp deg, Lacerda!

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.