Western Legends

This topic contains 4 replies, has 4 voices, and was last updated by  Jarle Haktorson 11 months ago.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1507

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tematisk spel som er tru mot Western-sjangeren. Reglane er lette og atmosfæren kjem godt fram. Ein gjer 3 actions på sin tur. Ein kan køyre ei lovlaus linje eller støtte sheriffen. Bandittar herjar i området, byane har utstyr, pokerspel og sjukehus. Ein bank er der også kor ein kan veksle inn “gold nuggets” i pengar og legendepoeng – eller rett og slett rane
    sjiten og auke legendestatusen på den måten. Kveg kan ein også frakte på lovlydig eller lovlaust vis. Bra spel med passe lengd. Velkomen til ville vesten!

    Western Legends

    #1517

    Sten Ole
    Participant

    Ser hyggeleg og oransje ut.

    #1529

    Thomas Thomsen
    Participant

    Tematikken var herlig her, lett spill og enkelt spill som eg vil tro er perfekt for nye/uerferna spillere. Alltid noe du kan gjøre. Vlir du tatt er det bare å kjøre på videre. Du er ikkje ute av det på noe tidspunkt.

    Vil og tro at jo flere jo bedre.

    #1532

    Sten Ole
    Participant

    No fekk eg endelig prøvd spelet som fekk så positiv omtale. Det minna egentlig litt om eit mini-rollespel bakt saman med ei poengtavle. Eg var mindre begeistra over sjølve spelet, men tematikken var god.

    Jarle klagde litt på at det tok for lang tid, og det er nok noko i det. Eg trur det skyldes litt at spelet mangla tilstrekkeleg interaksjon. Eg følte eg spelte singleplayer cowboy-spel. Det var av og til me påvirka kvarandre, men stort sett kunne eg ignorere kva dei andre foretok seg. Og derfor blir det til at eg venter tankelaust istadenfor å leve meg inn i dei andre sine handlingar. Ventetida blir lang når det er 4 spelarar som skal gjere 3 actions kvar og spesielt slåssing og pokerspeling tok lenger tid enn dei andre handlingane. Eg trur derfor spelet kanskje helst burde speles som eit 3 player spel, kanskje 4.

    Mulig at eg treng å spele dette ein eller to gonger til før eg får eit skikkeleg inntrykk, men eg føler spelet har mangler på fleire måtar.

    Men… gøy likevel. Det er fort gjort å bli kritisk med alle dei andre vidunderlege spela i klubben.

    #1533

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Word, Sten Ole.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)

You must be logged in to reply to this topic.