Årsmøte

Hei, alle medlemmer, tidlegare medlemmer, komande medlemmer, sympatisørar og godtfolk elles!
Ta del i årsmøtet vårt, ta for deg av mat og drikke og ver med på speling etterpå!

Me arrangerer årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb laurdag 31. mars kl. 18 på Kvinnherad Folkebibliotek, Husnes.

Me har no rundt 200 brettspel og arrangerer spelekveldar mange gonger i månaden. Det skulle med andre ord vere rikeleg med moglegheiter å finne tidspunkt og spel som passar akkurat deg!

Ver gild og spreie denne e-posten til andre du trur kunne tenkje deg å vere med og spele brettspel! Om dei ikkje kan vere med på årsmøtet, passar det kanskje neste gong?!

Saksliste for årsmøtet:

1. Godkjenning av innkalling og saksliste
2. Val av møteleiar og referent
3. Årsmelding frå styret
4. Rekneskap
5. Kontingent
6. Vedtektsendringar
7. Val etter vedtektene
8. Innkomne saker

Røysterett for alle som har betalt medlemskontingent for 2017.
Ikkje-medlemmer er også velkomne!

Saker ein vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 30. mars. Bruk e-post: post@brettspel.no

Speling: Etter det formelle årsmøtet blir det brettspeling for alle som vil (alle vil vel?!). Me reknar med at sjølve årsmøtet er ferdig rundt kl. 19.

Velkommen!

Med helsing,
styret i kvinnherad brettspelklubb

Be the first to comment

Leave a Reply