Årsmøte + speling!

Årsmøte + speling!

Map Unavailable

Dato / Tidspunkt

Date(s) - 10/02/2019
18:00 - 23:00


Ledige plasser: 12
Tekne plasser: 8


Årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb

Hei, alle medlemmer, tidlegare medlemmer, komande medlemmer, sympatisørar og godtfolk elles!
Ta del i årsmøtet vårt, ta for deg av mat og drikke og ver med på speling etterpå!

Me arrangerer årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb søndag 10. februar kl. 18 på Kvinnherad Folkebibliotek.

Saksliste for årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Årsmelding frå styret
  4. Rekneskap
  5. Kontingent
  6. Vedtektsendringar
  7. Val etter vedtektene
  8. Innkomne saker

Røysterett for alle som har betalt medlemskontingent for 2019.
Ikkje-medlemmer er også velkomne!

Saker ein vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 9. februar. Bruk e-post: post@brettspel.no

Speling: Etter det formelle årsmøtet blir det brettspeling!

Velkommen!

 

Med helsing,

styret i kvinnherad brettspelklubb

Påmelding

Påmelding er stengt for dette arrangementet.

7 Comments

  1. Ny update: Anders har med seg nokre spel han skal presentere, som også vil vere aktuelle for kvelden. Så har me jo også litt ulikt gøy i kjellaren. Så kan jo Rune ta med seg noko, så då har me sikkert nok 🙂

  2. Påmeldte så langt: Eg, Rune, Sten Ole, Thomas, Øystein, Tor Inge, Anders; altså sju stk. Det kan godt hende det kjem eit par til, så litt vanskeleg å seie kva spel som kan vere aktuelle endå, men….

    Eg har fått Root i posten og er klar for å spele med tre andre! Så då har me fire stk. der og treng eit/fleire spel til tre-fire-fem andre.

  3. Etter møtet blir det nok inndeling i ulike grupper på ulike spel. Om det er spel som MÅ vere med i valgpotten, få det fram slik at Rune (eller andre) har mulighet å ta det/dei med.

  4. Det blir eit nytt innslag på årsmøtet; topp 5 liste over beste spel!

    Eg, Rune og Sten Ole har allereie meldt oss for å seie noko om våre personlege lister; kanskje DU også vil vere med?! Lista er heilt subjektiv og vert hemmeleg fram til årsmøtet. Så vil kvar enkelt berre kort forklare kva som er sine fem favorittspel! Det kan bli kjekt og interessant; både om du kjenner spelet ifrå før, men også at du blir kjend med nye spel!

    Om du berre vil seie eit par-tre spel du likar godt, eller kanskje berre eitt, er det også bra!

    Dette blir berre eit kort innslag før spelinga tek til, men kanskje det blir ein tradisjon! Slike lister har ein tendens til å endre seg..!

Leave a Reply