Reply To: Twilight Imperium

#1057
Sten Ole
Participant

PDS
Eg sjekka opp i PDS-reglane, og me spelte det rett. Det var ein liten detalj som ikkje er lov. Det er ikkje lov til å frakte PDS fra ein planet til ein annan i 4. edition.

Eg trur kanskje spelet som ved første øyekast ser ut som Axis and Allies+, eigentleg har meir til felles med Diplomacy. Det er 6 spelarar med meir eller mindre likt utgangspunkt som prøver å oppnå det samme med stort sett samme verktøyskrinet. Muligheten til å hjelpe og skade kvarandre er betydelig.

Med ein gong du er ein vinnartrussel, vil rivalane hakke på deg. Så spelet blir går fort til å vere 1 mot 5. Me kom borti eit king maker scenario i går med 3 spelarar i vinnarposisjon og tre spelarar som var for langt unna til å vinne, men fortsatt med påvirkningskraft.

Min påstand rundt dette er at spelet er designa for å vere slik. Spelet handler vel så mykje om å maskere sin egen vei til seier som å faktisk oppnå objectives i spelet. Om det lykkes, har eg ikkje tankar om.

Spelet blir litt “humpete” når ein ikkje kan kort utenatt og reglane på alt ikkje er intuitive. Det tar tid å administrere alle ting som blir endra av abilities, teknologiar og actionkort. Om det ikkje tar tid, så er det uansett lett å glømme det eine og andre etter fleire timar ved brettet. Dette er i tillegg ofte kampar som ikkje har stor relevans for dei andre på brettet, så at dei tar lang tid er ein minus.

Med kritikerbrillene av er det likevel eit greit spel med høg produksjonsverdi. Det har sine høydepunkter.