Reply To: Fief: France 1429

#1131
Rune Hanssen
Keymaster

Okay! Eit overblikk på ekspansjonane:

    Tactics

Denne legg til fire nye typar troppar ein kan bruke. Archers – som gjev eit angrep før sjølve kampen startar, Bombards – lar deg trille ein av terningane på nytt per slag, Mercenaries – ein stack som går til den som byr mest kvar runde, og Royal Guards – styrkar til den som blir konge (dronning) og som må følgje kongen på brettet til ei kvar tid. Gjev +1 hit på terningane.

    Templars

Desse kan gje slekta di beskyttelse og riddertitlane gjev meir inntekt, men om kongen finn det for godt, kan han “plyndre” alle Commanderies bygd på brettet og med paven si velsigning kan han også drepe alle tempelridder-lords og gjere slutt på tempelordenen.

    Teutonic Knights

Desse riddarane styrkar di militære makt betraktelig, men kan vere dyr å gå for.

    Politics

Kvar spelar får ein “hjelpar” som har sin eigen spesialeigenskap. I tillegg er det kort som gjev kvar “normale” lord ein eigenskap som kan vere bra eller dårleg.

    Crusades


Tilfører spelet eit ekstra brett med Jerusalem. Spelarane kan sende familiemedlemmer til det heilage landet og kjempe om nye titlar, byar og rikdomar. Allianse victory krever 5 poeng med denne ekspansjonen og den dreg nytte av Templars- og Teutonic Knights-ekspansjonane.

  • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
  • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
  • This reply was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.