Reply To: Forslag til klubb innkjøp av spill

#1539
Jarle Haktorson
Keymaster

«Eg spelar etter interesse og energi framfor analyse og statistikk på BGG.»
Delvis enig. Eit av dei spela eg har hatt det kjekkast med, ligg på 5275 plass på BGG; hadde eg fylgt BGG sine rankings, hadde eg nok aldri klart å scrolle meg ned til det ein gong. Så interesse og energi fann det. Men det er også mykje god info på BGG; når 475 personar seier at du ikkje bør spele Mage Knight med 4 spelarar, lyttar du litt meir på dei, enn dei 30 som meiner det er best med 4. Eg har jo sjølvsagt prøvd det med både 2 og 4, og støttar dei 475. Faktisk pleier ofte eg å vere einig i BGG sine statistikkar når det gjeld talet på spelarar.

«Smak og behag…»
Sjølvsagt. Mat. Film. Musikk. Brettspel osv. For min del var t.d. The Gallerist å flytte rundt på brikker og min/maxe, medan Lords of Hellas var “OMFG; look at that ugly motherfucking Minotaur; CHARGE!!!”

Root
Det er «umogleg» å få tak i; det vart omtrent berre trykt opp nok eksemplar til å dekkje backers på Kickstarter. Ser ut som det kjem nytt opplag i februar i USA og i mars til Europa. Har meldt meg på bestillingsliste.

Nytt forslag: Great Western Trail.
Veit lite om dette spelet, men eit aktivt brettspel-søskenbarn på austlandet seier dette er godt likt i klubben der. https://boardgamegeek.com/boardgame/193738/great-western-trail