Reply To: Andean Abyss

#1549
Sten Ole
Participant

TESTKVELD

Deltakarar: Sten Ole (government), Thomas (FARC), Rune (Cartels), Tor Inge (AUC)

Ein glitrande januars kveld sit me på biblioteket. Gira, optimistiske, forventningane høgt til topps. Andean Abyss gjer seg til å kjenne når den tunge boksen slår ned i bordet. Lite veit me mens me legger brikkene på sine plassar om den tunge jobben det er å ha borgerkrig i Colombia.

Den slitsomme atmosfæren prega spelekvelden. Først kom dei litt innvikla reglane. Eventkort-systemet var lettfatteleg nok. Men kartet er ikkje innbydande. Brikkene ligger velta over kvarandre i eit samsurium av ulike fargar. I motsetning til mange andre spel, er det lite som hindrer oss i å dele plassen innenfor dei mange sonane på brettet.

Handlingane våre er lista opp i ein “enkel” player aid, der du blir presentert med ein meny av 8 valg. Eller var det 8? Du kan kombinere nokre av dei. Ja, det står jo i player aiden kva som passer til kva. Men fleire av actionane har separate steg som må tas. Og nokre kan utførast på to måtar. Rally er bygging. Og rally er eit superflytt. Og basebygging.

Som “kyndig” ser eg kor vanskeleg det er å gi trygghet på dei enklaste tinga i spelet. Det er mange valg, kanskje for mange. Og kva er det vi prøver å oppnå? FARC skal “ta over”. AUC skal knekka FARC. Government skal også knuse FARC. Cartel skal gøyme seg i eit hjørne. Det er likevel ikkje lett å få overblikk. Brikkene ligger fortsatt strødd utover. Kan eg slåss? Er det ikkje det som er poenget? Du må bare trille 1 på terningen så går det. Hmm, det er for usannsynleg. Æsj. Det er jo bare dumme valg her. Kanskje eg bør spele eventet. “Give AUC -4 resources and place 1 AUC base in each of 2 cities”. Ha! Ikkje tale om.

Det har gått eit par runder. FARC har blitt banka for n-te gongen og må begynne forfra. Cartels får ikkje bygge plantasjer før plantemiddel er spøyta over dei for å ødelegge. AUC er kronisk blakk. Government kjem seg ikkje ut av dei urbane strøka. Alle møter veggen på kvar sin måte.

Spelarane speler tappert vidare, men kosen er borte. Me ser fram til at spelet går mot slutten. Thomas lover bort ressursane sine til Rune dersom han ikkje klarer å nå vinnarmålet sitt. Me bestemmer å ende spelet på 3. propaganda-kortet istedenfor til 4. Det tar likevel fleire kort før det skjer. Det var ei slitsom ventetid. Livet er sugd ut av oss, som traumatiserte offer av borgerkrigen.

Spelet kan vere gøy, men det kan også vere ikkje gøy. Det er eit spel som krever at du setter deg inn i dei innvikla valga dine. Det er eit spel som krever at du tåler å føle tap, tåler å bli angrepet nesten vilkårleg av ein anna spelar, tåler å spele fra ein knekt posisjon, tåler at alt du har bygd opp blir vaska vekk raskt og brutalt. Eg trur det skal til for å nyte Andean Abyss. Du må tåle å gå gjennom dei byråkratiske stega sjølv om det virker som at faksjonen din er permanent knekt. Du må møte kvar apokalypse med ny optimisme.

Det er også eit spel som er tilfeldig og ustyreleg. Eventkorta gjer relativt store ting med spelet, men ofte ikkje noko i det heile. Propagandakorta kjem med lite forvarsel, ofte før du forventer det og endå oftare seint. Denne gongen var me så heldig å få det første propaganda-kortet med ein gong me starta.

Og ikkje minst, det er eit spel som kan gi deg eit utvalg med dårlege valg. Du kan flytte styrkane dine og bli most. Du kan lage fleire styrker og bli most. Du kan kjøre eit event som egentleg ikkje gjer noko. Du kan sei pass for å få ein symbolsk colomiansk dollar. Alt er lite optimalt. Og du vil ha mange slike runder.

Kanskje spelet er litt for rått og samtidig tungt. Eg er ikkje sikker. Men energien i rommet gjekk på ein smell, følte eg. Kanskje Andean Abyss er eit tvilsomt spel å dra fram i klubben. Som Rune sa, Here I Stand frister meir. Det er av same typen spel, men valga dine der er tydelege og distinkte. Du føler deg meir som herren over dine handlinger. Kartet der gir oss klart inndelte territorier. Det er eit spel som er lettare å ta inn med intuisjon og samtidig gir “smak” levert gjennom asymmetri. Andean føles nesten litt abstrakt.