Reply To: Root

#1631
Sten Ole
Participant

Root, eit snodig spel i asymmetrisk krigsspel-sjangeren. Root klarer å legge seg på ein kompleksitetesgrad som gjer det veldig tilgjengeleg. Mesteparten av det du treng å vite for din eigen faksjon står på player aiden din som også er spelebrettet ditt. Utenom er det eit par reglar som er felles for alle, f eks kamp og kort. Spelet har også ein relativt kort speletid. Dette gjer at sjølv om du ikkje har klart å spele optimalt eller om ting ikkje har gått slik det skulle, så er det emosjonelt overkommeleg. Spelet er eit diplomatisk kaos der alle prøver å holde tilbake dei andre og samtidig ikkje miste egen framdrift. Det er nok ein øvingssak å kunne oppdage faresignalene i tide til å stoppe andre frå å vinne, eventuelt klare å skjule endgame-trekket som gir deg sjølv seieren.

Uansett, eg likte det. Minus med spelet er at det vil miste nokre dimensjonar dersom me ikkje speler med 4 spelarar.