Reply To: Twilight Imperium

#1700
Jarle Haktorson
Keymaster

Enig; veldig lite dautid! Tida føyk, den, og veldig kjekt.

1. Diskusjon om kart: Eg synes asymmetriske kart er kjekkast, slik som i går. Då må det bli diplomati eller krig ganske med ein gong og ein må utvide seg uante vegar. Alternativet er “pizza slice”, der kvar startar i sitt hjørne. Då blir ofte dei første timane av spelet ganske like, der alle erobrar “sitt nærområde”, før dei mot slutten hamnar i konflikt. Etter å ha spelt TI 15+ (!?) gonger, blir ofte pizza-versjonen litt kjedeleg. Men sidan nokon sakna den i går, kan eg vere med og prøve på ny. Anbefaler likevel å lese litt rundt dette på nettet. PS: Kartgeneratoren synes eg var konge og bør alltid brukast igjen (den kan også brukast til pizza-versjonen).

2. Mecatol Rex. Her svikta alle, unnatak Tor Inge. Dei som ikkje var i posisjon til å angripe, burde brukt Promissory eller noko til å overtale dei som kunne om å gjere det, og dei som var i posisjon, burde angripe. Det blir som i Root og andre spel; om du ikkje passar på andre, vil dei vinne. Diplomati er viktig.

3. 4-player. Eg kunne vore med for å prøve, sidan eg likar spelet så godt (var vel på min 1. plass på Topplista). Det blir jo eit veldig annleis spel med den makta du får med to Strategy Cards + at du veit at alle blir køyrd (inkl. secondary).