Reply To: Mageknight

#1870
Jarle Haktorson
Keymaster

Topp 3 hos meg (2018-kåringa). Absolutt eit av dei spela me har som har størst immersion; her er det ingen brikker; her er det “Å NEI; ein varulv!! Hyl!!!”. Perfekt for to, fungerer også fint med tre (ikkje meir). Artig at sjølv om det berre er éin vinnar til slutt, heier du på motstandaren undervegs. Eg veit at noko av kritikken har vore at ein kan “gå seg fast” og slikt, men det handlar om å spele korta sine bra, gå for rette skills, kjøpe seg betre ferdigheiter/kort etc. Dette er eit spel som krev litt meistring, men som gir veldig mykje attende.