Reply To: Wingspan

#1941
Sten Ole
Participant

Superlett og supersmooth spel. Spelet var nesten totalt sjølvforklarande. Du lager ein fuglesamling som du kjøper med mat så legger du nokre egg. Fuglane har egenskaper som speler inn av og til. Til slutt teller du opp poeng.

Eg ser ikkje heilt korleis du skal gå inn for å vinne dette spelet siden det som du gjer bare er små nyansar betre enn det andre kan gjere. Alle gjer fundamentalt det same. I mi bok er derfor dette ikkje eit spel som stikker seg ut som noko som eg har lyst å spele ofte.

Det er derimot veldig elegant og vakkert, og spelet inviterer deg til å drite i poengene og bare samle inn dei kulaste fuglane. Dei andre spelarane vinn kanskje spelet, men i ein fugleslåsskamp hadde dine fuglar rive dei andre i fillebiter.