Reply To: U-BOOT

#1942
Sten Ole
Participant

Eg var redd for at spelet skulle vere for vanskelig sjølv om reglane var forståelege, men enslige handelsskip var bare delvis trygge når me nærma oss.

Kapteinsrolla var sånn passe overkommelig sjølv om du fort måtte bruke moral for å få gjort alt. Og for kvar gong du må gjera ein ekstra manøver eller endre noko, så svir det.

Navigatorrolla var vanskeleg å få til når du samtidig er kaptein, men med litt ro så skal det vere mulig å få orden på situasjonen på det taktiske kartet. Det blir fort litt ufordrande dersom ubåten endrer kurs ofte eller om det går mykje tid mellom situasjonsoppdateringar fra first officer.

Handelsskip var lett bytte, men eskorteskip var noko heilt anna. Avgjøringa om å prøve å torpedere det når me blei oppdaga gjekk heilt forferdelig. Me dukka og me endra kurs, men sonaren og synkeminene gjorde oss totalt hjelpeslause. Den taktiske guiden forteller at sonaren ikkje fungerer bakover, så målet er å kome seg rundt og bak skipet med å navigere etter hydrofonen, ofte med kursendring rett etter sonarpingen. Den seier også at me bør minske farten når me har klart å kome litt på avstand for å ikkje bli høyrt. Men eg trur uansett at me må rekne med å få litt skade når synkeminene blir slept. Ordremessig blir det uansett ein dyr affære.

Uansett, dette spelet blir totalt konge med 4.