Reply To: Wingspan

#1968
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg har lyst å spele dette igjen! Det var veldig behageleg å spele. Me har mange spel der me sloss imot kvarandre eller saboterer eller interagerer på ulike aggresive måtar, der planane dine vert øydelagd av upåverkelege faktorar.

Det er kjekt det, men av og til er det flott å berre kunne slappe av, kose seg med det som skjer på brettet, der du heilt sjølv bestemmer kor mykje du vil involvere deg med kva dei andre held på med.

Førebels veldig positiv, sjølv om det må vere stemning for det. Av og til har ein jo lyst å knekke nokon eller bli voldteken av fæle reglar eller svikefylle sabotasjeaksjonar, men av og til trur eg Wingspan er perfekt.