Reply To: Underwater Cities

#2051
Sten Ole
Participant

Moro “worker placement” spel med vanskeleg økonomistyring. Det som du lager minst av er også det som er vanskelegast å utvide produksjonen av. Kortene lager fortreffeleg kaos som av og til virker alt for kraftige og av og til alt for svake, men i gjennomsnitt jevner det seg ut. Spelet legger opp til at du blir blokkert av motspelarane heile tida. Vakre byar får ut i alle fall ut av det til slutt.

Reglar, reglar, reglar…

Setup
Når rekkefølgen er satt i begynnelsen, skal spelarane ha brikkene sine i omvendt rekkefølge på høgresida og få tilhøyrande bonusar.

Kortbruk og discarding
Du speler kort (som du kanskje får effekten av) og velger ein plass på turen din. Rekkefølge velger du sjølv men du kan ikkje blande saman korteffektar og plasseffektar. Etterpå trekker du eit kort. Du kan discarde kort når du vil. Dette kan du gjere heilt til slutt om ønskeleg. På slutten av turen din skal du ha maksimalt 3 kort.

Action cards
A-kort kan du maksimalt claime 4 av. Å claime er å legge det ned foran deg. Der er allerede den personlege assistenten din. Først etter at kortet er claima ved å spele det, kan du aktivere dei. Du kan ikkje aktivere kort som du har på hånd. Om du speler eit ekstra A-kort over 4-grensa, må du discarde eitt av dei andre claima A-korta. I såfall får du ein gratis aktivering av kortet som blir kasta.

Nettverk
Tunnelar kan utvide netverket ditt uten at det er byar mellom seksjonane (for dei som ønskjer å koble seg til land tidleg).