Reply To: Shogun

#2094
Jarle Haktorson
Keymaster

Brått var me fem stk. og Shogun hamna på bordet. Med speletid på ca. 2,5 (inkludert litt paralyse under programmeringa) er det passeleg lengd for det som skjer. Merka etter sist speling at det er ein fordel å ha spelt før med tanke på poeng, men synes også det er kjekt og stemningsfullt spel okke som, der det faktisk er kjekt å sjå andre sloss (med mykje latter når resultatet ifrå kamptårnet syner seg).

Eit av få spel som klarar å blande strategi og randomness på ein heilt akseptabel måte utan at ein blir frustrert; i motsetning til terningar så “hugsar” tårnet, noko som gjer tap “akseptable”; kul mekanikk.