Reply To: Shogun

#2097
Sten Ole
Participant

Shogun er ein klassiker. Høsting, verving, bygging, slåssing på eit kart. Så har du det ikoniske kubetårnet som gir ein interestant random number generator for oss som ikkje må fikle med det. Stakkars Thomas var stuck med tårnadministrasjon heile spelet.

Mange mål å holde i hovudet. Du vil ha bygningar for poeng i mange regionar på slutten, men for å få mykje til i spelet bør du holde på med det omvendte: Putte mange kubar i tårnet og på begrensa område på kartet utan å oppsøke konflikt. Tårnet er random, men samtidig ikkje. Det spytter sjelden ut store overraskelsar.

Tips: Når mange slit med risbeholdningen, by høgt på førsteplassen før vinteren. Ellers blir du myrda av bønder.