Reply To: Co2 – second chance

#2155
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar…

Markedet
Player-aiden løyg. Når du kjøper CEP, skal ikkje prisen stige (med mindre markedet går tomt).

Flisespikkeri
I setup for 3-player skal eit par av 20-fossil-kraftverkene ut av sirkulasjon.

Dette spelet var meir regelmessig grumsete enn det eg hugsar. Det hjelpte lite med ein manual som var tilpassa for cooperativt spel der competitive-reglane refererte tilbake til cooperative-versjonen med vesentlige endringar. Eg ser derimot på bildet av 1. utgave av spelet på forumet, at mykje har blitt betre. Alt ser finare ut. Fine trekomponentar som du bygger oppå kvarandre. Tydelegare symbolbruk enn tidlegare. Mindre rot på sentralbrettet.

Eg er enig med Rune at dette treng eit par gjennomspelingar til for å sjå kva som skjer i dette spelet.

Eg slit ennå med å sjå korleis tematikken passer til mekanikken. Korleis kan ein argumentere for at du skal ha makt over alle CO2-kvotane på eit kontinent fordi ein har bygd eit lite solcellepanel?