Reply To: Forslag til klubb innkjøp av spill

#2348
Jarle Haktorson
Keymaster

Flotte forslag Thomas; eg har oversett denne meldinga og las den først no! Ja, spela er på tilbod, men dei er framleis “dyre” fordi spel er dyrt. MEN me kjøper bra spel og klubben har pengar, så pris vert faktisk ikkje sååå relevant! Det eg prøver å seie er at det er betre om klubben brukar kr. 600 på eit bra spel enn kr. 300 på eit mindre bra spel.

Hm. Eg ser det er lett å bli misforstått her, for pris har jo ikkje samanheng med kvalitet. Men samtidig; insentivet for å kjøpe spel skal altså ikkje vere pris (fordi me har “nok” pengar), men fordi me har stor tru på spelet. Om det i tillegg ikkje er så dyrt, er jo det berre ein bonus.

Så kom gjerne med forslag på spel, også “dyre” spel, så lenge ein tenkjer dette er noko klubben (samla) gjerne skulle hatt. Kanskje nokon av dei som vart nemnd? Eg kjenner ingen av dei, med unnatak av kjappe sjekkar på BGG/YT.

Men samtidig: Er det noko “anna” enn spel me burde kjøpt? Korthaldarar? Trilletårn? Card sleeves? Zip bags? Eller me betalar nokon for å lage eit spelebord til oss eller kjøper eit sjølv…hm…bør kanskje ha eige lokale først…og SÅ kjøpe bord 🙂