Reply To: Anachrony

#2364
Sten Ole
Participant

4 spelarar, 3 timar frå åpna eske til lukka eske med lett opplæring.

Eg må revidere min vurdering. Dette er ikkje lenger verdens beste spel. Det har fortsatt mange element som eg likar som eg ikkje ser så mykje i andre worker-placement-spel: Ein engine som potensielt feiler ganske alvorleg, ein “katastrofe” midt i spelet som angriper mulighetane dine om du ikkje har forberedt deg. I tillegg har du mekanikkar som i alle fall prøver å passe til tematikken.

Men…
– Spelet i sin grunnform er ikkje balansert. Du må ha med starting resources drafting. Problemet med det er at nye spelarar ikkje vil kunne drafte på noko meiningsfull måte. Nye spelarar blir derfor utsatt for eit ubalansert spel.

– Spelet må læres ved speling, som betyr at første gjennomspelingane (som tar tid) ikkje blir fullt så givande.

– Måten spelar-rekkefølgen er, vil gjere at måten folk sitter rundt bordet avgjer mykje for mulighetane. Å sitte på venstresida av ein som karrer til seg first-player-status er gull verdt. Her er det mulig å innføre husregelen eg har sett nevnt mykje på BGG. Den går ut på spelarrekkefølge ikkje går etter klokka, men at rekkefølgen blir bevart med unntak av at den som stjeler first-player-status kjem først.

– Tilleggsmodulane er suspekte. Den eine som hadde eventyr i utmarka gjorde at heile spelet handla om det. Den som endrer tidspunktet for katastrofen krever partal antal spelarar. Den siste er egna til å fjerne “press” på bygge-feltene ved at du får nye personlege felt, men den ser ut til å meshe dårleg med resten av spelet. Samtlige påfører meir komplikasjon og meir opplæring.

Ny ekspansjon er i testfasen som vil revolusjonere heile spelet. Det blir blant anna innført mekanikk for å ta exosuits tilbake fra brettet og kunne bruke dei igjen. Det er ein slags timetravel-grunn til at dette skal fungere. At designarane vel å innføre noko slikt tyder nok på at spelet i grunnform ikkje held seg over tid.

TLDR:
Dominant Species er det beste spelet i verden, ikkje Anachrony.