Reply To: Twilight Imperium

#2425
Sten Ole
Participant

Hmm… Eg har sjekka litt på bombardment-reglane. Noko me gjorde feil var at når du bruker bombardment på system med fleire planetar, må du fordele skipa mellom planetane som skal bombes.

Eg er også usikker om me passa på at bombardment ikkje kunne brukes mot planetar med PDS, men det var så mange PDSar som forsvant, så kanskje dette ikkje var eit problem. Dette gjeld om eg hugsar rett ikkje for war suns.

Når eg såg på nettet reiste det også litt tvil om du i det heile treng å sette infanteri på bakken for å gjere bombardment. Det ser i alle fall ut til at resten av brettspelverden ikkje krever dette. Eg fant ikkje noko offisielt som klart seier det eine eller det andre. Ein kan kanskje sånn halvveis støtte det på at bombardment kjem før “commit ground forces” i regelheftet. Jarle har vist seg å vere superior på regeljakt for TI, så kanskje han burde undersøkje dette spørsmålet når han har tid.

Frå reglane under invasion, underoverskrift commint ground forces 44.2, siste punktet her:
“If the active player does not wish to commit ground forces, he proceeds to the “Production” step of the tactical action.” Mellom linjene her, har ein altså gått gjennom invasjons-prosessen utan at spelar må bruke bakkestyrkar.

  • This reply was modified 4 years, 3 months ago by Sten Ole.