Reply To: Terraforming Mars

#2435
Rune Hanssen
Keymaster

Turmoil viser seg å vere passe innvikla utan at det går ut over spelet. Alt som skjedde sist spel var forståeleg og ukomplisert. Ekspansjonen har nok eit potensiale til å nyttast strategisk etterkvart som ein taklar oversikta.

Eg er einig med Thomas om Venus Next. Eg trur spelet klarar seg heilt fint utan den. Kjem til å sortere ut alle kort frå den, slik at me heller kan nyte dei andre ekspansjonane utan å bli distrahert eller plaga med ekstra tid.