Reply To: Terraforming Mars

#2436
Sten Ole
Participant

Turmoil er eit fantastisk bidrag til spelet. Noko eg har ergra meg litt over før er at TM føles for tilfeldig. Du er prisgitt korta du får inn. Strategien din blir i stor grad diktert av kva kort draftingen gir deg. Som regel er utnyttelsen av desse korta relativt ukomplisert. Litt rekning, litt flaks, litt erfaring av kva spelet har å by på. Venus, prelude og colonies gjorde ingenting med dette problemet.

Turmoil gir ein tempo-komplikasjon og ein interaksjonsarena i spelet som for min del åpner opp heile spelet. Del av tempo-komplikasjonen er events som gjer at du har lyst å ha mykje eller lite av noko i spelet. Det gjer at du ikkje berre kjører på med dei “beste” prosjekta. Timing av aktivitetar er no kjempeviktig.

Det andre er at spelarane slåss over kva parti skal styre. Og det handler ikkje berre om å styre retningen på politikken. Det kan like mykje vere å infiltrere partiet som kjem til å vinne for å sikre seg influence til å hjelpe deg med events. Det er mange interessante og samansette valg. Politikken dikterer tempoet og det gjer at inntekta di ikkje berre er “engine-basert”.

Terraforming Mars har for min del gått frå å vere eit heilt greit spel til å vere litt bedre enn heilt greit spel. Hurra!

Om i går:
Venus speler ikkje så godt saman med alt det andre. Det er ikkje nok Venus-ting til å henge med på alt det andre som skjer. Resultatet er at Venus-tracken alltid vil lagge litt etter. Det påvirker dynamikken på lategame-proskjekt negativt siden nesten alle er garantert å få kjøre lenge. Venus-tingene er også ganske svakt kopla til resten av spelet.

Me gløymde ein regel på colonies. Det påvirka egentlig berre Sturla og i positiv retning. Enceladus (og to andre planetoidar som ikkje var med) kjem ikkje i spel før nokon har bygd eit prosjekt som kan bruke ressursen deira.