Reply To: Empires of the Void II

#2457
Jarle Haktorson
Keymaster

Når spelet er såpass ope som dette er, kombinert med ulike reglar for alt du kan gjere, seier det seg sjølv at det blir litt kaos ved første gjennomspeling, noko som påverkar “gøy”-verdien. Nokre uklarheiter bidrar jo også inn her, men dette fiksar seg nok til neste gong. Det vil også dra ned speletida, som då blir meir passeleg eit spel som dette.

Eg er gjerne med igjen! Kjekt å kunne variere mellom å sloss, utforske, oppdrag, teknologi etc. Og variasjonen pga. korta du trekk og Events som dukkar opp sikrar stor gjenspelingsverdi. Eg er game!