Reply To: Paladins of the West Kingdom

#2464
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig gøy første halvdel, ikkje så gøy siste halvdel. Dette er jo min eigen feil, då eg ikkje hadde fått eit maskineri opp og gå. Det føltes litt sjakk over det; at det er optimale trekk å gjere, og dei finn du først etter å ha spelt ein del gonger. Spel som er slik, at du må spele ein del gonger for å forstå, samt at det er ting du “må” gjere/optimale trekk, er ikkje nødvendigvis høgast på rangeringa mi.

Sjølv om me har nok av spel som må spelast mange gonger for å få noko til i, er det mange av dei som er veldig kjekke sjølv om du ikkje nødvendigvis får til noko. Slik synes eg ikkje Paladins var, men igjen; det må jo spelast fleire gonger med reglane/mekanikken på plass, slik at ein kan tenkje litt meir langsiktig etc., men eg er redd det igjen vil koke ned til optimale trekk/”matematikk”.