Reply To: Cthulhu – Death May Die

#2504
Sten Ole
Participant

Pluss:
– Lettfattelege reglar og eit relativt strømlinjeforma spel.
– Dicovery-kortene var kule. Fleire av dei fortalte indirekte ein historie.
– Dramatiske oppturer og nedturer.
– PLASTIKK!

Minus:
– Spelet set med ein gong eit tidspress som tvinger spelarane i aktivitet. Lite rom for å “sløse” tid på suboptimale planer. Dette tidspresset er heilt ekstremt på slutten av spelet. Spelet går frå å gjere småopprydning ein tur til å plutselig stå face-to-face med Cthulhu i neste øyeblikk. Du har no ein tur på deg til å vinne spelet ellers har alle tapt.
– Tilfeldighetene gjer at overgangen frå “No er eg totalt trygg” til graven er veldig kort. Eit Eksempel: du sitter i eit stille hjørne for deg sjølv med full helse, minimum stressnivå med mykje utstyr og gode venner rundt deg. Du trekker eit mythoskort som gjer at du plutselig har 3 monster og 2 kultistar på deg. Du kan like godt begynne spelet på nytt igjen om ikkje gud openbarer seg i terningane.
– Tematikken bommer litt synes eg. Karakterane er litt for parodiske og tullete. Monstrene og kultistane er litt for “monsteraktige” så spelet mangler litt av det typiske “existential dread”-elementet som lovecraft-universet normalt innbyr på.