Reply To: World of Warcraft – the board game

#2511
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

“Experienced WoW players may note
several elements that may not work exactly as they
would expect them to in the online game…”

Spotting
Regelen om å spotte eit terningresultat er berre begrensa av at du ikkje kan spotte same terningen fleire gonger. Om du har ein ability som lar deg snu ein terning, kan du altså likevel spotte den etterpå. Kort vil sei når du skal spotte, enten etter die pool phase eller etter reroll phase.

Rekkjefølge
Når ting skjer samtidig, velger spelaren fritt kva som skjer først. Eventuelt faksjonsleiaren om det gjeld faksjonen. Eventuelt terningtrill.

XP-bonus
Du får ein XP-bonus om du gjer quests med høgare level enn deg sjølv.

Add-on items
Du kan ha fleire add-on items på same kortet så lenge dei har ulik funksjon, f eks skjold og hjelm oppå rustning.

Merchant
Du kan selge items direkte frå character sheetet.

Ingen healing på slutten av runden
Eg fant ingenting i reglane om at karakterane fekk “gratis” healing på slutten av faction-runden.

Die Pool-fasen
Som me fant ut inkluderer die pool-fasen også handlingen å trille terningar.

Anna
Det var andre reglar for det eine eller andre spesialtilfellet. Men det var ingenting som framstod kontraintuitivt.