Reply To: Legendary Encounters: Predator

#2562
Jarle Haktorson
Keymaster

“Eg trur nok Thomas er inne på noko når det gjeld BGG-ranking. Det er ikkje berre folk som oss som er inne der. Folk liker ulike ting. Legendary-spela er ikkje dårlege. Dei forteller ein slags historie mens alle speler Dominion mot maskinen.”

Eg ser eg er misforstått igjen… Det har ikkje noko med andre spel å gjere; det er Aliens samanlikna med Predator eg snakkar om… Det er fleire spel på Topp 100-lista eg har prøvd som eg ikkje likar, medan eg ser fram til neste runde Dark Age Z som ligg på plass nr. 7775 på BGG.

Så det er ikkje min/vår smak eg snakkar om eller kva som er “kvalitet” eller høgast rangert eller “best”; det einaste eg har undra meg over er kvifor dei ulike Legendary-spela er så ulikt rangert, sidan dei skal vere “samme spelet”, slik eg fekk forklart etter sist speling.

Her kjem Sten Ole med ei forklaring på slutten av sitt innlegg som høyres fornuftig ut, så då har eg fått svar og er fornøgd.