Reply To: Star Trek Ascendancy

#2640
Jarle Haktorson
Keymaster

Dette er eit spel med stort potensiale, men det må house rulast litt. Eg tenkjer me kanskje bør bli flinkare til dette med enkelte spel; det viktigaste er jo å ha det gøy! Om alle er samde i endringar, er det betre å gjere dette, enn at spel aldri blir spelt igjen.

Basert på sist (og delvis sist-sist) speling; ting å hugse til neste gong:

– Speleflata (der ein kan byggje space lanes) bør vere STOR. No var brettet nesten ferdig utforska før ein kom skikkeleg i gong.

– Det bør vurderast om Exploration-decken skal tweekast litt. Her er tenkt:

* Crisis bør kome lenger nede i bunken, slik at dei ikkje øydelegg starten. T.d. kan dei øvste 10 korta eller så vere “trygge”.
* Kanskje finne ein balanse på ulike korttypar som vert Shuffla inn, slik at ikkje éin type kort kan hamne på bunnen og aldri dukke opp (som Warp-civilizations).

– Der det står “Open” på planetar kan det berre byggast “Production” og “Research” (ikkje “Culture). Dette for å hindre at “krigerske” rasar berre skilpaddar seg og for å skape meir interaksjon/konflikt.