Reply To: On Mars

#2644
Sten Ole
Participant

Eg trur det er 20% sikkert at du vil like spelet basert på andre ting du har uttalt deg om. On Mars må ein derimot ikkje forveklse med andre lacerda-spel fordi det er så mykje meir interaksjon og take-that-øyeblikk. Det er nok likevel ein tidsinvestering å lære spelet, spesielt om dette oppleves som arbeid og ikkje som gøy.

Regel-innlegga her på forumet heng nok saman med at me har lært spelet meir med å ta på brikkene enn å lese gjennom reglane og se på filmar. Då kjem reglane gradvis inn. Ein liten kritikk av On Mars er også at regelheftet og player-aidane og spelebrettet ikkje er perfekt.

Gjennomspelingane for min del har likevel vore gøy. Me har stort sett stått likt regelforståelsesmessig. Og når me har spelt “feil” så var feilen gjeldande for alle, og som regel ikkje så alvorlege at spelinga blir ugyldig (men ein kan jo stille spørsmål til kva som foregjek når eg ikkje var med).