Reply To: Churchill

#2666
Jarle Haktorson
Keymaster

Etter å ha tenkt litt på dette spelet, trur eg konklusjonen er at eg likar det ganske godt. Sjølv om vi sist gong hadde aktiv telling av poengtracken, var det ikkje så veldig viktig kven som vann (med spelet sine rare reglar for kven som vinn). Det tyder på at sjølve spelet er det kjekke, at du får til ting; det gav små mål undervegs som gjorde at timane var kjekke. Likevel er det nok greitt å avklare “korleis” ein vinn neste gong, samt (truleg) ikkje telje poeng aktivt undervegs, men bruke “blikket” for å sjå korleis det ligg an med dei ulike stormaktene og finne ein god balanse. Eg er klar igjen seinare!