Reply To: Mombasa

#2677
Sten Ole
Participant

Fire kvite menn koser seg rundt eit bord og samanlikner regnskapsbøker for blod-diamant-utvinning i Afrika. Dette er kanskje det minst politisk korrekte spelet eg har vore med på (kanskje med unntak av Cards Against Humanity spelt med “feil” folk).

Men… herlige mekanikker og reglar det går an å leve med. Du kjøper deg inn i nøytrale faksjonar på eit kart som Imperial, War of Whispers og 18xx-spela.

Du har intrikat kortspeldynamikk som gjer at dersom du har ein god bananrunde så er alle framtidige bananrunder middelmådige.

Det er full krig på brettet og nesten alt du gjer fører til at nokon andre på brettet tek skade. Tommel opp!

Einaste negative eg vil dra fram er at om ein virkeleg speler dette spelet for å vinne, så studerer du discarden til motstandarane og “teller” kortene dei kjøper inn for å peile inn kva dei speler på rundane sine. Dette er ikkje spesielt vanskeleg (om du gidder). Når alt kjem til alt er ikkje dette ein gøy måte å spele spelet på. Det er heller ikkje gøy å spele mot. Eg hadde kanskje foretrekt om discarden låg skjult frå motstandarane. Litt uvisst om eg er enig med meg sjølv om dette siden det tek litt “skill” ut av spelet.