Reply To: Mombasa

#2680
Sten Ole
Participant

Eg problematiserer kanskje alt for mykje dette med synleg discard. Det er fordi eg trur nesten heile spelet handler om kva kort du speler. Om du klarer å hacke spelet slik at du veit kva andre speler, så har du vunne. Motspelet mot dette er å gjere det same.

Då har du 4 spelarar som sit rundt bordet og stirrer på discardane til kvarandre. Problemet mitt med spelet då er at folk må studere andre sin player board som alltid er plagsomt både for kikker og for offer. Det er ein av grunnane til at TI4 ligg langt nede på lista mi siden der også må du lang-distanse-spionere på motstandarane dine for å ikkje drite deg ut.

Men… spelet er bra. Eg bare klager litt frå eit designperspektiv. I praksis blir nok spelet tatt fram så sjeldent at me har nok med å lære oss reglane på nytt kvar gong.