Reply To: Mombasa

#2681
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg trur dette berre er eit problem for dei som tenkjer slik. Eg vil også tru at dette går på bekostning av å ha det gøy. TI4 blir nemnt; sidan det er på topp 5 hos meg, må eg få kommentere:

“Det er ein av grunnane til at TI4 ligg langt nede på lista mi siden der også må du lang-distanse-spionere på motstandarane dine for å ikkje drite deg ut.”

Eg gjer ikkje dette; likevel klarar eg meg ganske godt og held som sagt spelet veldig høgt. Når eg angrip, blir eg gjerne overraska over at motstandaren har utvikla super-teknologi som gjer at han moser angrepet mitt. Flott; då har eg lært det, det var kjekt for han eg angreip (og sikkert fleire), og eg gjer ikkje det same igjen. Eg sit ikkje og følgjer med på alle sine ting og tang rundt meg; eg nyt spelet, gjer ting eg vil og følgjer med så mykje eg føler eg treng.

Så også i Mombasa; eg synes spelet var veldig kjekt slik det var, koste meg og dreiv på med mitt og såg akkurat så mykje eg trengte på andre. Om eg skulle ha “hacka” spelet, måtte eg brukt så mykje tid/energi på det, at det hadde gått utover gøy-faktoren. Og til motsetnad ifrå kva mange trur, “må” eg ikkje vinne alle spel eg speler – det viktigaste er å ha det gøy, der eg samtidig jobbar mot å kanskje vinne. Men om det å vinne går på bekostning av å ha det gøy, driter eg i det.