Reply To: Lorenzo il Magnifico

#2718
Sten Ole
Participant

Her var det mykje gøy og unikt. Måten styrken på familiemedlem blei trilla fram på kvar runde gav denne euroen eit ukarakteristisk tilfeldighetsaspekt. I tillegg til å tvinge fram valget om å sende superonkelen eller den skrale fetteren først ut i byen, gir tilfeldighetene også ein gevinst for spelarar som har gardert seg mot “feil” terningresultat.

Alt koster. Pengar, tjenarar, tre, stein. Samtidig som ein rekrutterer, bygger, erobrer og investerer i det ein treng som del av strategien din, må du også balansere inntektene slik at ein har råd til det.

Som i mange slike spel, er det ein ekstra belønning for spesialisering. Landbrukshandlingen gir meir ressursar dersom ein har mange erobringar. Industrihandlingen gir meir dersom ein har mange bygningar. Leiarar gir meir poeng på slutten dersom ein har mange. Kristendomstracken gir også mykje dersom ein klarer å bygge den opp.

Underveis har ein også val som ein må ta på kor mykje ein vil bygge opp/demobilisere hæren din. Ein må velge om du vil jobbe for paven eller risikere bannlysning.

Som worker placement er spelet er veldig trangt. Det er ikkje nok verdifulle plassar til alle familiemedlem. Det er derfor eit fantastisk kappløpp for å gjere handlingane du treng for å holde maskinen i gang. First player-status er av same grunn svært verdifull. Du må prioritere kva er viktigast. Og sjølv med den beste planleggingen, vil du ofte finne deg i situasjonen at du akkurat mangler det eine eller det andre for å få alt til.

Tre tomlar opp.