Reply To: Fief: France 1429

#2758
Jarle Haktorson
Keymaster

Etter utprøving av ekspansjonane:

Crusaders: Sjølv om me skulle få regelkontroll, trur eg ikkje dette blir så veldig kjekt, samt at det tek fokus bort ifrå Frankrike, som eg meiner er der det kjekke skjer.
Templars/Teutonic: Eit alternativ som gir fleire options, men som eigentleg ikkje trengst.
Politics: Ikkje testa, og bør ikkje prøvast, av same grunnar eg skreiv ovanfor.
Tactics: Denne må gjerne vere med.

Konklusjon: Eg hugsar hovudspelet som veldig kjekt. I går (utprøving av ekspansjonane) var ikkje så kjekt. Skuldast jo sjølvsagt mykje regelforvirring, men det eg likte godt med “grunnspelet” var alle intrigane og historiane som vart skapa på hovudbrettet, samt at rundane gjekk raskare. Eg trur eg berre vil ha med Tactics neste gong.