Reply To: Virgin Queen

#2804
Rune Hanssen
Keymaster

Virgin Queen – 4 turn session 19. juli 2020

Ottoman: Tor Inge

Spain: Rune

England: Sturla

France: Lars

Holy Roman Empire: Jarle

Protestants: Sten Ole

Turn 1:
Diplomatiet var passivt og Spania som allereie var i krig med Ottoman bestemte seg for å ta tidleg kontroll i Middelhavet før piratane kunne blomstre opp. Kampanjen deira vart svært vellukka takka vere Ottomanske generalar sine dårlege leseferdigheter i eigne statsdokument. Runden gjekk og Spania herja i Nord-Afrika og sikra seg «keys» gjennom militære og diplomatiske operasjonar. Med berre ein «key» igjen før «auto win», gjekk spanjolane til Turn 2 med 9 (!!) kort på hand. Piratane var ikkje å sjå på nokon av verdshava og dei spanske skattane frå den nye verda velta på tonnevis inn i Madrid.

Vq56

Turn 2:
Etter refleksjon over eiga makt og brev frå Paven, lova Spania at ein sjellaus seier gjennom «auto win» så tidleg i spelet kom ikkje på tale. Det var enno milliardar med reglar som skulle på plass. Neste diplomatifase førte til ein hjelpelaus samtale mellom Ottoman og HRE. Ottoman kom tilbake frå diskusjonane meir forvirra enn målbevisst. Han græt stille for seg sjølv med lite kort på hand og flytande vrakrestar frå skipa sine på alle strendene i Middelhavet. Spania støtta HRE med kort mot å få ein hær leigesoldatar som betaling.

Frankrike og England pusla med sitt og plotta i mørkret for å senke Spania. Protestantismen vaks i Nederland. Ekteskap blomstra og visna, mindre betydelege land skifta allianse mellom stormaktene, og EIN vitskapsmann vart sponsa fram av Spania.

Turn 3:
Kaos spreidde seg, Spania fall utanfor all diplomati og vart sitjande åleine ved bordet. Kvifor all denne konspireringa? Hata av Ottoman, mistrudd av Frankrike og krigserklæring frå England førte ingenting godt med seg. Frankrike gjekk til åtak og det spanske imperiet var i fall. HRE posisjonerte seg bra i høve til det svekka Ottomanske riket og la ein listig plan på å få ut alle «keys». Kjedeleg oppførsel og glimrande diplomati resulterte i at dei fekk gjere sitt utan å måtte stresse mot andre. Stress var det derimot hos resten. Mislukka kolonisering i Nord-Amerika, udugelege piratar, spionasje, opprør og religionskrangel herja på brettet. Ottoman kom seg etterkvart på beina igjen, men horoskopet kviskra ei framtid med tunge kampar mot HRE.

Turn 4:
Spania fekk nye generalar på brettet og fekk nytt håp om å vekse seg stor igjen. Dei starta ein ny kampanje inn i Frankrike og gjorde det relativt bra. Fekk ut eit par «keys» og såg ei lysare framtid. HRE kom frå aust og fekk til slutt kontroll over ein fransk utpost. Protestantane gjekk rundt på dørene i Vest-Frankrike og fekk til slutt omvendt ei rekkje med byar og hovudstaden Paris som Spania hadde blødd mykje for. Frankrike gjekk under. Ottoman prøvde febrilsk å stoppe framgangen til HRE. Alle såg no at sigeren var innan rekkevidde for Jarle.

Som fleire gonger tidlegare måtte Jarle igjen grafse til seg ein neve med terningar og score EIN «hit» for å ta sigeren. Nervane var tynnslitte, og terroren frå tidlegare mareritt som dette heimsøkte han der han reiste seg skjelvande for å gjere siste terningkast på enden av det fire meter lange bordet. To «hits» og tolv timar og fire rundar Virgin Queen var over.

Takk til alle spelarar!

Vq96