Reply To: Virgin Queen

#2820
Sten Ole
Participant

Noko å ha i tankane er at det er ekstremt uvanleg å trille dårleg eller bra heile tida. Av alle dei forsøka du har hatt på å samle VP, vil du mest sannsynleg få ein viss andel av dei. Jo fleire forsøk, jo meir sikkert er det at du får sånn passe napp. Det som heller er eit “problem” enn forventa VP, er at ein ikkje kan stole på suksessen av enkelthandlingar. Det gjer at ein ikkje kan heilt lage ein plan med mange steg utan å ta høyde for at enkeltstega går gale. Personleg har eg ingenting i mot dette sidan du har så lang tid til å tenke ut ein reserveløysning før det er din tur igjen. Det blir som med Gloomhaven når korta du plukka viste seg å ikkje fungere som du hadde tenkt.

Eg ser likevel forargelsen i den potensielle finalen av spelet. Fordi spelet skjer i eit miljø der spelarar heile tida prøver å dra poengleiaren ned i driten, er ein fornuftig strategi vere å samle “potensielle” poeng som ikkje er synleg for motstandarane (kraftige kort, skjulte faksjonsmekanikkar, taktiske posisjoneringar på kartet osv) som du utløyser når sigeren er i sikte. Og det er då du sitt der med dine 8 terningar og 97% vinner-sannsyn. Og når dette går galt føles kanskje alle dei 12 timane ved bordet bortkasta. På sett og vis skjer det same i f. eks Root der vinnaren er nesten heilt tilfeldig fordi alle drar kvarandre ned i driten. Er det ugreit? Kanskje. Eg trur kanskje uansett at det ikkje er lurt å spele Virgin Queen med innstillinga at det er VM i brettspel. VP gir retning for kva du bør drive med men er ikkje bevis for strategisk overmakt. Ekte konkurransespel er meir egna for solitaire-aktige spel og 2-player spel.

Diplomatiet kan ikkje vurderes før alle, absolutt alle, ved bordet veit kva dei driv med. Dette var min første gong på dette spelet. Eg visste litt om kva alle kunne få til, men eg visste ikkje kva kort som fantes eller kva slags retning verden har ein tendens å gå i. Då er det umulig å utnytte diplomatiet. Kven skal eg gi mercenaries til? Kven skal eg gifte meg med? Kven skal eg alliere meg med? Kven skal eg angripe? Alt var gjort på instinkt. Eg veit at eigentleg burde diplomatiet vore annleis om me var meir drilla på spelet. Eg treng mercenaries til plan A som eg ikkje har nok CP til. Eg treng alliansepartner til å dekke ryggen min i sone B. Eg har kort C som gagner faksjon D som kan hjelpe meg med tidlegare nevnte ting. Det ligg eit potensiale der som me aldri kunne nå den søndagen.

Diplomacy er eit eksempel på eit spel der diplomatiet er sylskarpt. Avtalane er mange, konkrete, detaljerte og gjensidig gode. Men om du set nybegynnarar i spelet blir det nesten ingen avtalar og dei er vage og utan tillit til motparten. Resultatet blir at spelet berre skjer. Frontar butter mot kvarandre. Nokon vinn og andre tapar. Alt er tilfeldig. Foreløpig føler eg på litt av denne håplause tilfeldigheten i blant anna GoT og TI. Det er kanskje fordi eg er ein noob. Det er kanskje fordi spelegruppa har vendt seg til at diplomatiet skal vere slik. Kanskje berre skikkeleg diplomati går an når folk får snakke privat. Det er sjelden i klubben eg ser to spelarar vere konkrete i forespørslar eller tilbud når me speler. Kven som sit på sida av kvarandre ser ut til å vege tyngre enn den faktiske tilstanden på brettet ofte, eller kanskje verre, at folk allierer seg med dei same dei alltid allierer seg med. Dette siste var ein digresjon…

Takk for at du lærte meg eit nytt ord i dag, Jarle: panegyrisk. Målet for august er å bruke det på nokon i ein reell setting.