Reply To: Crusader Kings

#2846
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar…

First player
Når ein speler har gjort ein vellykka crusade, blir han first player neste “turn”.

Invade
Kvar fotsoldat kan angripe separat mot ulike territorie eller kan også operere som support. Etter eit vellykka angrep, kan fotsoldaten flytte inn. Pillage er berre lov om han ikkje flytter inn. Om eit angrep feiler, kan forsvareren få eit gratis motangrep.

Sea Passage
Dei stipla linjene på sjøen teller som om landområda er inntil kvarandre. Navy tillater lengre trassear.

Adopsjon
I dynastifasen kan kongen kjøpe seg ein unge for 2 gull om han har ei kone.

Trade
Det går an å lage avtalar som inneberer territorier, penger og giftemål. Timingen på giftemål er regulert, og territorier kan ikkje byttast om ein action eller event er i ferd med å bli kjørt på det.

Førsteinntrykk.
Spelet er litt uslipt, men det er mykje morsomt som skjer underveis. Kven du sit på sida av har mykje å sei.