Reply To: Sekigahara

#2865
Sten Ole
Participant

Kva slags spel er det som er meir Rune enn eit spel der ein slåss for å vinne herredømme i Japan? Det finst ikkje. Dette spelet inneheld all usikkerheten som finnes i krig. Kva du har på hånd bestemmer om hæren din kan slåss. Du har ingen anelse om kva motstandaren kan få til. Men om motstandaren din investerer i å vere først i runden, så veit du at det blir ein vond runde. Han har alle korta han treng til å knuse deg. Kampsystemet er fantastisk.

Kartet av Japan er heilt idiotisk. Vegane går ikkje der dei burde gå. Byane ligg ikkje der dei burde. Då konflikten starta var alle styrkane blitt plassert av ein strategisk ignoramus. Og verre, forsterkningspunkta dine er akkurat like malplasserte. Skal du fikse på problemet, koster det kort. Og om du betaler prisen, så mister du evnen til å ikkje bli totalt demontert i kamp. Så du må leve med at krig er vondt.

Bra spel. Det har god balanse for å gi det liv og meining.

Reglar, reglar… (ting som ikkje me gjorde feil, men som eg ikkje var klar over)

Force march
Du får +1 movement på units som beveger seg saman. Det vil sei at dei blokkene som skal bevege seg ekstra må gå samme veien.Du får berre gjere 1 force march per tur.

Overrun
Når du kan overrunne motstanderen treng du ikkje stoppe movement. Du kan pløye rett gjennom.

Double cards
Du mister dobbeleffekten om du bruker kortet til å deployere blokkene med rektangelet på (som du kan bruke alle kort på). Er også verdt å merke seg at om eit dobbelt kort blir utsatt for endra lojalitet, får du fortsatt +1 fordi andre blokken er samme type som første.

Retreat into Combat
Om du ikkje har fornuftige plassar å flykte til, så flykter du der det er ufornuftig å flykte til. Om det er blokker der kan du ende opp med å overrunne dei (eller bli overrunna) eller det blir ny kamp. I dette tilfellet er den som flykter angriper.

Siege
Special attacks virker ikkje. Lojaliteten kan ikkje settes på prøve (Kvart castle har ein plakatt som tydelig viser kven som er på lag).