Reply To: Merchants & Marauders

#2873
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg les ut av dette at forslaget mitt i Messenger-gruppa ikkje vart følgt opp; alternativt poengsystem. Eg hadde skrive desse ut og trudde dei låg i boksen, men truleg ikkje då. Poenget med denne varianten er altså å hindre at alle berre køyrer fredeleg omkring og sel varer. Eg hugsar ikkje detaljane, men det var noko slik som at du kunne få 1-3 poeng på selje varer, 1-3 poeng på å vinne over motspelar, 1-3 poeng på raid etc. Poenget var altså at poenga dine var nøydd å kome ifrå fleire ulike ting, og det var eit kult skjema som haldt stats på dette. Me sa sist gong (sju år sidan eller så) at dette var varianten som måtte bli spelt, men forståeleg at den vart gløymd.