Reply To: Through the Ages

#2877
Sten Ole
Participant

Dette spelet minner meg om Foodchain Magnate. Tematikk, bilde og mekanikkar er heilt annleis, men spelet gir samme følelsen. Dette er eit spel som vil deg vondt. Om du gjer ein feil, så får du føle det resten av kvelden. Om du gjer alt rett, får du også oppleve smerten når ein random event tar fra deg alt du har oppnådd. Og dersom spelet ikkje gjer den jobben, så står motspelarane klar til å straffe deg om (eller når) du viser svakhet.

Eg antar at spelet blir erfart på ein annan måte når ein ikkje speler det frå gjødsel-perspektiv – akkurat som Foodchain Magnate.